Informasjon om kulturmidlar og tilskotsordningar 2017

halling fjeld Bø kultur.jpg - Klikk for stort bilete

Kulturmidlane 2017

Første søknadsfrist 1. mars. Det er sett av kr. 100.000,- i kommunen sitt budsjett for 2017 med føremål å støtte lokalt kulturliv. Midlane blir fordela to gonger i året etter søknad til utval for oppvekst og kultur. Søknaden stilast til Bø kommune, eining for kultur og utformast som eit brev med vedlagt prosjektplan, budsjett og opplysningar om søkjar (kontaktinformasjon, evt organisasjonsnummer og NB viktig: kontonummer). Sendast helst på e-post til: postmottak@bo.kommune.no

Utval for oppvekt og kultur skal prioritere søknadene ut frå følgjande kriterium:

  • Tiltak i form av prosjekt, produksjonar eller arrangement, der ekstern støtte (frå kommunen o.a.) er avgjerande for realisering. Det vil ikkje bli gitt faste driftstilskot.
  • Tiltak som er innarbeidde i kommunens planar og ut frå evt. prioritering av tiltak der.
  • Tiltak som er nyskapande eller fører til vidareutvikling av eksisterande tiltak.

Søknadsfristar i 2017:  1. mars og 1. oktober

 

Spelemidlar til idrett og anlegg 2018

Siste frist for å sende inn elektronisk søknadsskjema for spelemidlar til ordinære idrettsanlegg for 2018 er
1. desember 2017.

Alle anlegg skal vere idrettsfunksjonelt godkjende på førehand - og fristen for å søke kommunen om slik godkjenning er 1. november 2017.

  • Frist for innmelding av anlegg til kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Bø kommune - handlingsprogrammet 2018, er 1. september 2017. Handlingsprogrammet skal til politisk behandling i kommunestyret.
     
  • Frist for søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning til Bø kommune er 1. november 2017. Noen anlegg vil også krevje førehandsgodkjenning frå Kulturdepartementet.
     
  • Søknadsfrist for innsending av elektronisk søknadsskjema med godkjende vedlegg er
    1. desember 2017.

Meir informasjon, malar og elektronisk skjema finn du på: www.idrettsanlegg.no
Tips og råd:  
www.godeidrettsanlegg.no

Kontakt: Sindre Flø, ansvar for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet på tlf 35059000 / 95847525 

sindre.flo@bo.kommune.no / postmottak@bo.kommune.no

Bø kommune, pb 83, 3833 Bø i Telemark

 

Kommunale næringsfond

Les meir her

Klikk her for å gå direkte til elektronisk søknad

 

 

  

Sist endra 13.06.2017