Eigedomsskatt

Takst på alle eigedomar i Bø
Kommunestyret vedtok i 2012 å gjennomføre omtaksering av alle eigedomar i Bø, sjå informasjonsbrosjyre (PDF, 155 kB) som gikk ut til alle grunneigarar og rammer og retningsliner for taksering av eigedomar (PDF, 2 MB) (rev. 23.04.13 (PDF, 64 kB)).Som grunnlag for omtakseringa, vart alle bustadeigedomar målt opp i 2012 og faktaskjema (PDF, 121 kB) sendt ut for kvar eigedom.
 

Takst på alle eigedomar i Bø av 1.1.13 dannar grunnlaget for utskriving av eigedomsskatt frå og med 2013.
Den som ynskjer utskrift av takstgrunnlag for sin eigedom kan kontakte teknisk eining, tlf. 35 05 91 82, postmottak@bo.kommune.no.

Kvart år innan 1.mars blir takstgrunnlaget for kvar eigedom lagt ut til offentleg ettersyn i 3 veker. Dette blir kunngjort i aviser og på heimesida og lagt ut på kommunehuset og hjå Teknisk eining på Bekkevoll.

Fakturering av eigedomsskatt
Eigedomsskatten som er oppgitt i melding om skattetakst vert fakturert over i fire terminar, saman med kommunale avgifter. Beløp under kr. 50,- pr. år blir ikkje innkrevd.

Spørsmål om eigedomsskatt
Spørsmål om eigedomsskatten kan rettast til Teknisk eining på tlf. 35 05 91 82 mandag til fredag kl 9-15 eller til postmottak@bo.kommune.no.

Login for redigering