Kommunevåpen og ordførarkjede

BØ KOMMUNE
Kommunevåpen vedteke av Bø kommunestyre 19.11.1987 og godkjent i Statsråd 23.02.1988.

Spesifikasjonar:
På raud grunn tre gull feler
Teikna av Halvor Holtskog jr.

Val av motiv:
Tradisjonelt står hardingfela og musikken sterkt i Bø. Attende i historien veit me at mange
omtala Bø i Telemark som "Norges Cremona" "som var Italia's fiolinhovudstad".
I 1986 kom det inn 47 forslag til 26 ulike motiv til kommunevåpen i Bø. Riksarkivet var med
i vurdering av desse forslaga og til slutt var det 6 motiv som vart godkjent.
Kulturstyret arbeidde vidare med 3 av desse:
· tre loddrett stilte feler i gull på raud botn
· to kyrkjetårn i "sparre", gull på grøn botn
· gull munnharpe på raud botn.
Kommunestyret avgjorde til slutt med 18 røyster for å nytte fela i kommunevåpenet,
mindretalet - 7 - røysta for motiv med to kyrkjetårn i sparre.

Bruk av kommunevåpen:
KS Kommunenes Sentralforbund har utarbeidd retningsliner for korleis kommunevåpenet kan
nyttast. Det er først og fremst administrasjonen og institusjonar som utøver kommunal teneste som
kan nytte dette til våpenskjold, flagg, faner, vimplar, stempel og segl m.m.

Ordførarkjedet var ei gåve til Bø kommune frå bankane i bygda.
Det er teikna og utført av sølvsmed Arnt Darrud, Gvarv.ordførarkjedeordførarkjede sbl

Kjedet symboliserar alle næringane i bygda og dette kjem godt fram i aksa som det er tre av på kvar side. Det er handel, skogbruk, kommunikasjon, turisme, skular og idrettslag. Bogeskyttaren i emblemet til Idrettslaget Skarphedin kjem godt fram.

Det er ikkje utarbeidd standardreglar for bruk av ordførarkjede, men det er vanleg at det blir nytta ved slike høve:
- mottaking i kommunal regi
- middagar og andre tilstellingar der kommunen er vertskap
- innviging av offentlege anlegg når ordføraren står for innviginga
- opning av større møter, kongressar o gliknande der ordføraren representerar kommunen
- overrekking av utmerkingar
- gjesting av kongelege

Publisert av Svein Bj. Lerum. Sist endra 03.04.2014
padlock