Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter
Bildegallerier
Fronter
   

Velkomen til Folkestad skule sine heimesider!

121 elevar og 22 tilsette har sitt daglege virke på Folkestad skule. Vi har eit flott uteområde rundt skulen, og ligg rett ved flotte skogsområder der vi ofte har uteskule og aktivitetar. I skulegården er det eit yrande liv i alle friminutt!  

 

Finn du ikkje det du leitar etter på desse sidene? Klikk på epostikonet til høgre, eller ta kontakt med rektor! 

Publisert av Bjørnar Nesje. Sist endra 05.12.2016

 Folkestad skule des 2016 (Bjørnar Nesje) - Klikk for stort bilete

Folkestad skule - Aktuelt
Publisert 22.02.2017

Velkomen til alle nye fyrsteklassingar ved Folkestad skule! 

Onsdag 22.mars 2017 er det innskriving av nye fyrsteklassingar på Folkestad skule, mellom kl. 16.00 og 20.00. Det blir høve til eit kort møte med rektor og kontaktlærar for 1.klasse denne dagen. Du kan også sjå under "Praktisk informasjon" på toppen av denne sida.

NB: Invitasjon til innskrivinga kjem i posten i veke 9! 

Publisert 10.02.2017
Popart - Folkestad skule

 Elevar på mellomtrinnet har laga flotte sjølvportrett som no heng på utstilling i gangen på småtrinnet, ved inngangen til gymsalen. Det er verkeleg fin kunst som er laga av unge kunstnarar. Ta ein kikk neste gong du er på Folkestad. 

Publisert 06.02.2017
20170206_111819.jpg

Folkestad skule feirar samefolkets dag 6. februar. Vi har utstilling i 7. klasse, samisk mat på menyen og besøk frå Telemarksavisa. To av elevane våre har i høve dagen kledd seg i samisk kofte, og viser stolt fram dei flotte draktene. Ein av elevane fekk vi fanga med kamera, og biletet nedanfor er eit flott døme på levande tradisjonar og samisk kultur midt i sjølvaste Teemark.   

 

Publisert 01.02.2017

Det er ein del sjukdom både blant elevar og lærarar for tida. Folkehelseinstituttet gjev gode råd om korleis hindre smitte.  

Publisert 16.01.2017
Folkestad skule - skøytebane

Det er stor aktivitet på skøyteisen om dagen. Ein varm takk til brannvesenet som la is til oss 5. januar. Investeringa har gitt enorm avkasting i form av lukkelege elevar som brukar skøytene i kvart friminutt.   

Publisert 12.12.2016
Folkestad juleavslutning 2016 - 2

Folkestad skule har markert avslutning av semesteret med nissefest og gang rundt juletreet. 7. klasse har stått for underhaldning og program, og vist heile skulen at dei både kan danse, synge og vere vertskap. 

Publisert 05.09.2016
Drageverkstad Folkestad skule - 2

Elevar på mellomtrinnet får i desse dagar sjå flygande dragar ved skulen. Den kulturelle skulesekken er no fyld med eigenproduserte dragar som får luft under vengene i det flotte haustveret.  

 

Klikk på bildet for større versjon. 

Publisert 29.08.2016
ungdata.jpg

Velkomne til haustens foreldremøte ved Folkestad skule! Skuleåret er godt igang, og vi kan gratulere foreldre og føresette med tidenes flottaste elevkull!  

Publisert 05.08.2016
tegning2.png

 Alle elevar møter kl. 08.30 måndag 15. august. 

Publisert 24.06.2016

 Skulen tek ferie frå veke 26, og ny rektor er på plass frå 1. august! 

Publisert 19.04.2016

 Sommermoro Bø 2016
- for deg mellom 10-13 år

Det er igjen klart for Sommermoro Bø! Hva er vel bedre enn å benytte sommerferien til moro og aktive dager sammen med nye og gamle venner! Hver dag vil du lære litt om det å være ute, og drive friluftsliv. I tillegg blir det mye moro. Tilbudet er på dagtid i uke 25, og foregår i Bøs flotte natur. Hver dag er det med artige, trygge og voksne aktivitetsledere fra Telemark Turistforening. Les mer om programmet...

Publisert 07.03.2016
Hårlus

Alle føresette sjekke dette og eventuellt bruke lusekam og hårvask mot lusa.

http://lusfrinorge.no/

Publisert 01.03.2016
sfo

Hugs søknadsfristen til SFO for skuleåret 20016/17 er 2. april!

Søknadsskjema/endring/oppseiing SFO

Publisert 25.08.2015

7. klasse fylde Bø torg 18. juni, og gav fleire hundre tilhørarar prov på at dei både kunne synge og spele.  

Publisert 04.08.2015


Måndag 15. august er fyrste skuledag etter sommarferien.

 Alle elevar møter kl. 08.30.

Eit spesielt velkomen til nye fyrsteklassingar! 

Eg gler meg til å helse på alle saman!

Varm helsing frå rektor Bjørnar 
 

 
Publisert 11.06.2015
Publisert 10.06.2015
norgesmester-i-skolemelk-2008

VIKTIG: Bestilling av mjølk til skulestart 16/17 er nå klar!!

Bestilling direkte på: www.skolemelk.no 

Publisert 30.01.2015

Innskriving av 1. klassingar som skal starte på skulen i august 2015, finn informasjon her.

 

Publisert 15.01.2015
Hoppe tau

Folkestad skule er ein av to barneskular i Bø kommune. Skulen vår ligg i eit trygt og roleg område i furuskogen, ca 3 km frå Bø sentrum. Den har eit fint og allsidig nærområde som barn nyttar både på skulen og SFO.

Vi er ein fulldelt 1-7 skule med omlag 125 elevar, som er jamnt fordelt på klassene. Skulen har 2 bygningar- eit gult adm.bygg og eit raudt skulebygg der småskuletrinnet og mellomtrinnet held til i kvar sin fløy. Skulen fungerar og som grendehus.

Vi arbeidar kvar dag for å legge til rette for læring og trivsel for elevane.

Publisert 22.01.2013
Da klokka klang

INNSKRIVING AV 1. KLASSINGAR FOR OPPSTART AUG. 2013

4. februar 2013 - kl. 12.00
Det vert sendt ut brev om innskrivinga

Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Folkestad skule
Eikavegen 61
3804 Bø i Telemark
E-post : postmottak.fosk@bo.kommune.no
Telefon
: 35 05 94 00

Faks
: 35 05 94 09
Mobil
: 40908866 (SFO)
Beredskap
: 400 11011 (rektor)
Org.nr.
: 975 278 530
Opningstid
: 08.00 - 15.00
Vermelding for Folkestad skule
Levert av ACOS AS
Login for redigering Login for redigering