Bø bibliotek

Velkomen til biblioteket!

  • Søk, forny eller bestill direkte i biblioteket si samling.

  • Med nasjonalt lånekort kan du sjøl bestille frå andre bibliotek i Biblioteksøk og hente her.

  • Sjå det nyaste i biblioteket si samling: Kikkhullet

  • Last ned Bibliofil-appen på smarttelefon eller nettbrett, da vil du alltid ha lånekortet ditt tilgjengeleg, og det er lett å fornye og bestille.

  • Les digitale aviser og blader med Pressreader. Bruk ein pc på biblioteket, eller kople deg opp på vårt trådlause nett, og få tilgang i 7 dagar til over 5000 norske og utanlandske aviser og blader. Les meir om tilbodet frå Telemark fylkesbibliotek her

  • Du kan også sjå norsk kortfilm og dokumentar ved å logge deg på med lånekortnummer og pin på filmbib.no
     
  • Les e-bøker på smarttelefon eller nettbrett med appen eBokBib! Her gjeld same pålogging som til dei andre bibliotektenestene.

  • Følg oss på Facebook.

  • Nå kan du betale med Vipps på biblioteket i tillegg til kontant.

  • Du kan skrive ut frå publikumspc, det kostar kr. 2,- per side (kun svart/kvitt). Bruk av pc/ trådlaust nettverk er gratis.

 

Dette skjer på biblioteket!

 

Språkkafé hausten 2018

 

Laurdag 25. august kl. 11.30-13.30

Torsdag 27. september kl. 16.30-18.15

Laurdag 27. oktober kl. 11.30-13.30

Torsdag 29. november kl. 16.30-18.15

Hilde Kari Skaftnesmo er drivar, og ønskjer at endå fleire kjem! Meld deg gjerne inn i gruppa på facebook.

 

Advokatvakten hausten 2018

Advokatvakten: Advokatvakten er eit tilbod du finn fleire plassar i landet, og no også på Bø bibliotek! Her kan du møte opp og få opp til 30 minutt gratis konsultasjon av medlemmar av Advokatforeningen. Møt opp på biblioteket og få konsultasjon med lokale advokatar.

 

Advokatvakten hjelper deg med å svare på juridiske spørsmål, samt avklare om du har ein sak du burde gå vidare med eller ikkje. Statistikk viser at svært mange får avklart det juridiske spørsmålet sitt gjennom eit besøk hos Advokatvakten. Ei undersøking frå Advokatvakten i Oslo synde at ca. 70 prosent av brukarane fekk saken sin løst der og da.


Dei som ynskjer bistand må møte opp seinast kl. 17.30. Dersom det ikkje har møtt opp nokon innan dette tidspunktet vert advokatvakten avslutta tidligare.

Vel møtt!

 

Torsdagar

04.10: 17-19

01.11: 17-19

06.12: 17-19

 

Datahjelp/seniornett haust 2018

Datahjelp er å få på biblioteket kvar onsdag frå 10-12. Då kjem det folk frå seniornett og hjelper til med forståing av digitale tenestar og sosiale media!

Her kan alle kome som vil ha litt hjelp til å bli betre på smarttelefonar og nettbrett! Eit samarbeid mellom Seniornett Bø og Bø kommune. 

 

Velkomen inn på Bø bibliotek! 

Sist endra 16.10.2018

Åpningstider

Ope:
Tysdag:

14.00 - 19.00

Onsdag:
10.00 - 16.00

Torsdag:
14.00 - 19.00

Fredag:
10.00 - 16.00

Laurdag:
11.00 - 14.00
 

ADRESSE

Besøksadresse:
Bøgata 69
(2.høgda i Sparebanken DIN)

Postadresse
Postboks 83
3833 Bø i Telemark

Telefon: 
35 05 92 40

Faks:
35 05 92 45

E-post:
bo.bibliotek@bo.kommune.no

Følg oss på Facebook

Kartpunkt