Sykkelbygda Bø og Sauherad

Sykkelløype barn 3_foto_Peter Jørgensen.JPG - Klikk for stort bilete

Bø og Sauherad kommunar smarbeider om å få fleire til å velge sykkel, både på jobbreiser, til og frå skule og på fritida. 

Sykkelsatsinga er eit delprosjekt under Bygdepakkke Bø og Sauherad

Følg prosjektet på Facebook og Instagram.  

Prøv ein elsykkel

Har du tenkt på å kjøpe elsykkel, men er usikker? Nå kan du låne ein elsykkel i 7 dagar. Registrere deg digitalt, og bli kontakta av ein sportsbutikk. Lånet er gratis, men det vil bli trekt eit depositum på 1.000,-. Utlånsordninga skal vare til og med 2020, og er støtta av Klimasats

Meld flytting, få sykkeltilskot

Studentar som melder flytting til Bø kommune, har høve til å søke om støtte på 5.000,- til kjøp av sykkel. Kampanjeperioda er open mellom 1. mai og 1. oktober i 2018.  

Sykle til jobben - aksjonen

Alle som bur i Bø og Sauherad kommunar kan delta gratis i treningskampanjen Sykle til jobben. Kommunane har betalt deltakaravgifta. Kampanjen er ein tradisjonsrik nasjonal konkurranse for voksne over 15 år, som blir driven av Bedriftsidretten. Du kan delta som lag eller aleine, og registrere all aktivitet - om det er sykle til jobben, rusleturen på kvelden eller om du klipper plenen. All aktivitet gir poeng, og du er med i trekning av fleire premier - både nasjonale og lokale. Kampanjen varer frå 19. april - 19. juni 2018.

Alle Barn Sykler 

Gjennom samarbeid med organisasjonen Alle barn sykler tilbyr vi grundig sykkelopplæring for alle 4. klasser i Bø og Sauherad kommunar, og gjennomfører mobilitetskampanjen På Farta Til Skolen for alle skoleklasser i september. 

Sykkelmekkedagar

Kvar vår og haust stiller frivillige sykkelmekkere og sportsbutikkane opp på torget, med aktivitet og gratis sjekk av syklar. Du får hjelp til enkle ting som justering av gir, seter, bremser og smøring og sjekk av kjede. 

Europeisk mobilitetsuke

Kvart år kan du bli med på ei rekke av arrangement knytta til miljøvenleg mobilitet. Europeisk Mobilitetsuke gjennomførast frå 16. - 22. september, med bilfri dag, filmer, foredrag og sykkelmekkedag på torget. 

Har du ein idè til eit arrangement hører vi gjerne fra deg. Vi samarbeider gjerne med deg!

Sykkelplan

Prosjektet har mål om å forbetre det fysiske miljøet for syklistar. Gjennom sykkelplanar vil kommunane forbetre sykkelanlegg, arbeide for auka trygge sykkelparkeringar, skiliting og merking. Bø kommune sin Temaplan for sykkel (PDF, 4 MB) vart vedtatt av kommunestyret 12.06.2017, og Sauherad kommune har mål om å ferdigstille sykkelplan i 2018.

Bygdesyklar

I samarbeid med StartHSN jobbar vi i 2018 med marknadsundersøking for å finne ut om moglegheiter for å få til ei bysykkelordning i Bø og Sauherad. 

Sist endra 13.06.2018

Kontaktpersonar

Sindre Flø

Prosjektleiar

Otto Christian Dahl

Bygdepakke Bø og Sauherad