Folkehelse

Folkehelse er helsetilstanden i befolkninga, kva som påverkar helsa og korleis helsa fordeler seg hos innbyggjarane. Helseomgrepet i folkehelsearbeidet er omfattande og inneber velvære, trivsel og livskvalitet. Helse blir skapt der me lever og bur – i barnehagen, på skulen, på jobb, i familien og lokalmiljøet. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 06.06.2018

Forhold som påverkar livskvalitet og helse omfattar alt frå generelle samfunnsforhold til individuelle val og eigenskaper ved enkelmenneske.

Kva påverkar helsa? (Whitehead & Dahlgren, 1991 - Klikk for stort bileteKva påverkar helsa? (Whitehead & Dahlgren, 1991

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Folkehelsearbeid er ei lovpålagt oppgåve for kommunane, og er regulert av Folkehelseloven frå 2012. Folkehelsearbeid er langsiktig og systematisk samfunnsutviklingsarbeid retta mot heile befolkninga.

Folkehelselova definerer folkehelsearbeid som

  • Å fremje helse og trivsel i befolkninga
  • Å fremje gode sosiale og miljømessige forhold
  • Å bidra til å førebygge psykisk og somatisk sjukdom, skade og liding
  • Å bidra til utjamning av sosiale helseforskjellar
  • Å bidra til å verne befolkninga mot faktorar som kan ha negativ innverknad på helsa

Folkehelselova er ei «paraplylov» for arbeid i mange sektorar. Dei fleste kommunale sektorar arbeider med oppgåver som har innverknad på folkehelsa, og folkehelselova skal bidra til at arbeid med folkehelse blir løfta inn i mange av desse oppgåvene. Det inneber at dei aller fleste tenesteområde i kommunen skal involverast i folkehelsearbeidet og krev innsats frå alle fagområde og nivå i kommunen.                                                                                                                                               

Gjennom folkehelselova er kommunen pålagt å ha oversikt over helsetilstand og positive og negative faktorar som påverkar helsa til befolkninga. Det skal kvart fjerde år utarbeidast eit oversiktsdokument som skal forankre folkehelsearbeidet politisk, på tvers av sektorar og som ei langsiktig satsing. Oversiktsdokumentet skal inngå som grunnlag for arbeidet med kommunens planstrategi. Dagens oversiktsdokument er frå 2015 og er eit felles utfordringsnotat for kommunane Sauherad, Nome, Bø og Seljord.

Folkehelsearbeidet er forankra i Samfunnsdelen av Kommuneplanen i Bø og i dei ulike kommunedelplanane. Gjennom oversikts- og planfasane har ein fanga utfordringar og lagt planar for korleis ein skal løyse dei.

Folkehelsearbeidet i Bø kommune blei betydeleg styrka i 2017 med utvida stilling for kommuneoverlege, nytilsett frisklivskoordinator, kommunepsykolog og folkehelsekoordinator.

Folkehelsekoordinator skal samordne folkehelsearbeidet i Bø kommune, vere ein pådrivar for folkehelsearbeidet, samarbeide med dei ulike einingane i kommunen og bidra til at folkehelse er eit tema i alle planer og del av arbeidet i alle einingar.

Folkehelsekoordinator er organisert under plan- og fagansvarleg og har kontor på helseadministrasjonen på Bø sjukeheim.

I 2018 er målet å utarbeide ein overordna folkehelsestrategi for Bø kommune. Det skal også bli oppretta eit tverrfagleg folkehelseutval.

Pågåande prosjekt

Kontaktpersonar

Frøydis Haukeland

Folkehelsekoordinator