Snarvegar

   

Bø kulturskule - Velkommen

Dans.jpeg - Klikk for stort bilete

 

 

Bø kulturskule - Velkommen
Bø kommunale musikkskule har våren 2015 skifta namn til Bø kulturskule.

Bø kulturskule skal vere eit kulturpedagogisk servicesenter i kommunen og støtte grunnskulen og dei frivillige laga som er organiserte gjennom Bø kulturnettverk.

Gjennom kulturskulen sine aktivitetar ønskjer vi å gi kvar enkelt elev vekstmoglegheiter, både kunstnarleg, intellektuelt og sosialt. Kulturskulen skal arbeide for å stimulere til interesse for kultur ved å arrangere konsertar, utstillingar, og ulike framsyningar der fleire kunstuttrykk møtast. Kulturskulen skal bidra til å utvikle eit godt oppvekst og kulturmiljø i Bø kommune.
 

Korleis søke:

-Dei som allereie er elevar i kulturskulen skal re-registrere seg. Brukarnamnet er fødselsdato til eleven. f.eks. 020273. Trykk på glemt passord og fyll inn e-posten du tidlegare har oppgitt til kulturskulen.

-Elevar som ikkje er registrert i kulturskulen skal trykke på ny elev.

-Frist for å melde seg på er 15.mai, men det er mogleg å melde seg på heile skuleåret.

Elektronisk søknadsskjema:    https://noboetele.speedadmin.dk

 

Kanskje du skal søkje om Drømmestipendet i år?

Sjå www.drommestipendet.no for meir informasjon. Frist for å søkje er 16. februar.

 

VIKTIGE DATOAR SKULEÅRET 2016-2017

Veke 8: Vinterferie

17/3 og 18/3: Jungelboka med barne og ungdomsteateret på Sandvin

Veke 15: Påskeferie

25/4: Skulekonsertar på Folkestad og Bø skule

29/5: Utstilling med målegruppa

31/5: Forestilling med musikk/bilde i Sfo-tida og danseelevar

16/6: Sommarkonsert med grunnskulen

Reisa mot julekvelden.jpg - Klikk for stort bilete

Fann du det du leita etter?
   

Kontaktinformasjon

Guri Røsok
Gullbringvegen 34 Postboks 83
3833
E-post : guri.rosok@bo.kommune.no
Telefon
: 35 05 92 23

Mobil
: 99 39 11 71
Opningstid
: 08:30-15:30

Galleri

Skulemusikken
Skulemusikken
Levert av ACOS AS
Kulturskulelærar Sverre Jacobsen
Login for redigering Login for redigering