Bø kommune har inngått avtale med Kompetansesenter rus - region sør, Borgestadklinikken om å bli ein pilotkommune som skal driva ansvarleg alkoholhandtering som ein del av Bø kommune sitt rusførebyggjande arbeid.
Bø kommune har søkt og fått tildelt stimuleringsmidlar til arbeidet. Det er det gode samarbeidet vi har med bransjen gjennom Skjenkeforum, eit forum for kontakt mellom Bø kommune og skjenkestadene i Bø kommune, som la grunnlaget for at kommunen vart godkjent som ein "Ansvarleg alkoholhandterings" kommune. Bø Skjenkeforum vart oppretta den 30.11.2010, og er sett saman av fylgjande representantar:
Ytterlegare opplysningar følgjer ....