Bø kommune ligg i Midt-Telemark og har omlag 5700 innbyggere. Bø kommune er først og fremst ein skule- og handelskommune, med solid forankring i jord- og skogbruk samt allsidig næringsliv. Kommunen har eit godt utbygd tilbod innan kultur, idrett og fritid.
Bø kommune er ei IA-verksemd, og vi er opptekne av mangfald. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonalitet.
Krav til søknaden: søknaden skal sendes elektronisk.
Klikk her for å gå direkte til elektronisk søknad/Søknadssenteret.
Dersom du søkjar på lærarstillingar må du hugse på å nytte skjemaet Søknad på lærerstilling. For kvar av dei ledige stillingane vil du finne lenke direkte til Søknadssenteret.
Arkivsaksnummer (eks. 07/777), tydeleg namn, adresse og telefonnummer, opplysninger om utdanning og praksis må vera med.
Ufullstendige søknader vil ikkje bli registrert.
Viktig: Dersom du ynskjer å søkje på fleire stillingar elektronisk, må du sende inn ein søknad for kvar stilling med tilhøyrande arkivsaksnummer. Når du har fylt ut og sendt inn ein søknad, finn du den innsendte søknaden under menypunktet "Fullførte skjema" i Søknadssenteret.
Klikk deretter på "Bruk som mal i ny søknad". Du treng berre endre arkivsaksnummeret og stillingstittelen.
Vi gjer merksam på at når du søkjer på ei offentleg stilling har publikum, aviser m.m. rett til å gjera seg kjent med kven som har søkt på stillinga og vi kan difor ikkje etterkoma ynskje om konfidensiell behandling.