Næring og reiseliv

Midt Telemarkrådet logo - Klikk for stort bilete Bø, Sauherad og Nome kommunar samarbeidar om det interkommunale næringsselskapet, Midt-Telemark Næringsutvikling (MTNU). MTNU held til på Hellandtunet saman med ei rekke større og mindre kompetanseverksemder. For oversikt over ledig/ubebygd næringsareal og -lokale i Bø eller hjelp til etablering av verksemd, kontakt MTNU.

Sauherad og Bø samarbeidar om eit felles næringsområde Brenna langs rv 36 mellom Gvarv og Bø, Midt-Telemark Næringspark.

Kommunen har eit eige næringsfond, og kommunestyret har vedtatt retningsliner for fondet (PDF, 108 kB). Fondet forvaltast av MTNU og søknader rettast dit.

Reiselivet i Midt-Telemark samarbeidar gjennom felles reiselivsportal. For informasjon om Lifjell - ditt næraste høgfjell - booking av overnatting, sjå lifjell.no

Bø kommunale eigedomsselskap AS er Bø kommune sitt eigedomsselskap. Trygve Myrene (post@bnselskap.no) er dagleg leiar, tlf 91 88 98 02.

 

Login for redigering