Artikkel (1)
Nyttige linkar (1)

Renovasjon

Bø kommune er medeigar i IRMAT, som er eit interkommunalt renovasjonsselskap. IRMAT har driftsansvaret for renovasjonstenestene i dei fire eigarkommunane Bø, Notodden, Hjartdal og Sauherad. 

Innsamling av avfall er sett bort til Sunde renovasjon & gjenvinning AS. Firmaet driv og containerutleige og gjenvinningstasjon for mottak av all slags avfall på Akkerhaugen.

Kart
Sunde gjenvinningsstasjon, Akkerhaugen

Renovasjonskalender (PDF, 455 kB) for Bø.

Det er tvungen renovasjon for alle husstandar i Bø, og det er innført tvungen hytterenovasjon. For fastbuande er det kjeldesortering av avfall. Renovasjonsforskrifter for Bø kommune:

 

Ekstrasekkar for matavfall og restavfall kan kjøpast hjå Teknisk eining i Gullbringvegen 20.

  • Pris for ein rull med bioposar kr 30,-
  • Pris for ekstrasekkar for restavfall (blå sekkar), ein rull a`5 stk.kr 150,- eller kr.30,- per sekk.
  • Ekstrasekkar for plast kan hentast gratis same stad.


Grønt Punkt Norge
Bø kommune er medlem av Grønt Punkt Norge AS. Grønt Punkt sikrar og administrerer finansiering av returordningane for plast-, metall-, og glasemballasje, emballasjekartong, drikkekartong og bølgepapp. I tillegg driftar Grønt Punkt Norge AS innsamling og gjenvinning av plastemballasje, emballasjekartong og drikkekartong på vegne av Plastretur AS og Norsk Returkartong AS.

Publisert av Moa Jonsson. Sist endra 16.12.2016
Login for redigering