Urban Eriksen

Plan- og Fagansvarleg
 
35 05 96 07
 
Send epost til Urban Eriksen
 

Tildelingskontoret

Tildelingskontoret - Klikk for stort bilete Tildelingskontoret har ansvar for sakshandsaming av dei fleste tenestane innanfor helse- og velferdssektoren (sjå lista under). Dvs. at det er til oss søknadane sendast, det er me som kartlegger hjelpebehova og som til slutt fattar vedtak på om du får/ikkje får tenesta du søkjer på. 

Tildelingskontoret har i denne sakshandsamingsprosessen også tett samarbeid med aktuelle fagpersonar (fastlege, sjukehus, heimesjukepleia, institusjon etc.). Tenestene tildelast etter gjeldande lovverk (m.a. pasient- og brukerrettighetsslova og helse- og omsorgstenestelova), og etter lokale retningsliner. Ønskjer du å klage på eit vedtak du har fått tilsendt, tek du kontakt med Tildelingskontoret (me vil hjelpe deg med korleis du skal gå fram med ei klage).

Tildelingskontoret sitt tlf.nr er 409 14 131

Opningstid kl. 09:00-11:30 og kl. 12:30-14:00 (måndag til fredag)

Tildelingskontoret har eigen epost: tildelingskontoret@bo.kommune.no

Besøksadressa er Gamleveg 43. (1. etg Bø sjukeheim)

Postadressa er Bø kommune,Tildelingskontoret, postboks 83, 3833 Bø i Telemark

Tenestebeskrivingar:
 

 
Søknadsskjema PDF (PDF, 80 kB) (same skjema for alle tenestene bortsett frå TT-kort og parkeringsløyve)
Søknadsskjema Word (DOCX, 25 kB)(same skjema for alle tenestene bortsett frå TT-kort og parkeringsløyve)
 
 

Prisar for dei ulike tenestene (PDF, 113 kB)

 

Tildelingskontoret har også som oppgåve:

  • å fordele institusjonsplassar og omsorgsbustader.
  • å fungere som Koordinerande eining (i fht habilitering og rehabilitering)
  • å ta i mot og fordele alle typar e-meldingar frå sjukehus og fastlege
Publisert av Urban Eriksen. Ansvarleg Urban Eriksen. Sist endra 05.01.2016
Login for redigering