Kulturminnevern

Logoen som beskriver kulturminne - Klikk for stort bilete Kulturminnar er alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø. Ein snakkar altså om lokalitetar det knyt seg historiske hendingra, tru eller tradisjon til. Dette omfatter både faste kulturminnar og lause kulturminnar, skipsfunn og arkitetktoniske eller kulturhistorisk verdifulle byggverk og anlegg.

I samarbeid med Sauherad går kommunane i hop for å utarbeide ein interkommunal kommunedleplan for kulturminner.  

Midt-Telemark er rik på kulturarv med mange ulike kulturminne som er viktige for identiteten til bygdene og som viser grunnlaget for det samfunnet me har i dag. Kunnskap om fortida er med på å forme framtida og det er derfor viktig å ha dokumentasjon og oversikt for å kunne formidle historia og kunnskapen om kulturarven til nye generasjonar. Kunnskap om kulturminna vil også kunne bidra til positiv verdiskaping innafor undervisning, friluftsliv, reiseliv og anna næringsutvikling.

For å ta vare på og auke merksemda om kulturminner har Bø kommune, i samarbeid med Sauherad kommune, vore delaktige i to viktige kulturminneprosjekt. Det første prosjektet Kulturminnkartlegging vart sett i gang 2009 og er eit samarbeid mellom lokalt frivillige, som framleis arbeidar iherdig.

På bakgrunn av dette arbeidet vart kommunane Bø og Sauherad del av Kultur- og naturreise prosjektet med Bø og Sauherad piloten i 2012. Prosjektet vara ut 2014 og har først og fremst produsert innhald i statlege databasar, som www.digitaltmuseum.no, www.kulturminnesok.no og tidlegare www.digitaltfortalt.no. Arbeidet har vore tett knytt til samarbeidet med Bø Museum, Evju Bygdetun og Sauherad historielag, som vart etablera gjennom kulturminnekartleggingsprosjektet.

Kommunane arbeider no med ein interkommunal kommunedelplan for kulturminner, som er planlagt vedtatt av kommunestyra i oktober 2016. 

Publisert av Sindre Flø. Sist endra 02.09.2016
Login for redigering