Ledige stillingar i Bø kommune


Takk for at du viser interesse for å søkje ledige stillingar i kommunen.

  • Eksterne søkjarar må opprette brukarnamn og passord før dei loggar seg på fyrste gong. Hvis du har søkt tidligare, men ikkje  hugsar brukarnamn og passord, kan du få dette tilsendt på den registrerte epostadressa ved å klikke på "Glømt brukarnamn/passord". Ved spørsmål ta kontakt med informasjonskontoret - postmottak@bo.kommune.no eller tlf. 35059000. NB! Har du hotmail, blir det automatiske svaret frå kommunen sendt direkte til søppelkassa i mailen, ikkje til innboksen. Sjå etter der.
  • Tilsette i kommunen, som har ei epostadresse registrert i kommunen, skal ikkje registrere seg på nytt. Dersom du ikkje har/ huksar brukernavn og passord, kan du få dette tilsendt på den registrerte epostadressa ved å klikke på "Glømt brukarnavn/passord". Ved spørsmål ta kontakt med informasjonskontoret - postmottak@bo.kommune.no eller tlf. 35059000.
    Merk: Epostmeldinga vil bli sendt til den epostadressa du har registrert hos kommunen, dvs. den epostadressa som lønnsslippen din blir sendt til. Viss du ikkje er kopla til kommunenettet når du skal søkje, kan du hente jobb-eposten din på følgjande nettadresse: https://epost.midt-telemark.no. Du får fyrst tilsendt ei aktiveringsmelding. Klikk da på Send. Passordet vil bli sendt i ei ny epostmelding. Viss du ikkje mottar noka melding i Innboksen din, sjekk i mappa Useriøs epost.

Slik opprettar du ei e-postadresse på Gmail (PDF, 86 kB)

Slik søkjer du

  • Opne aktuell utlysing (klikk på tittel)
  • Klikk Søk på stilling, og følg instruksane

Merk: Alle felt som er merka med raud stjerne, må fyllast ut for å få lagra opplysningane

 

Krav til søknaden

Ufullstendige søknader blir ikkje registrert.

Dersom du ikkje har datamaskin tilgjengeleg eller trenger hjelp til å sende elektronisk søknad kan du ta kontakt med kommunens informasjonskontor på kommunehuset, tlf. 35 05 90 00. Der er det tilgjengeleg datamaskin og dei kan hjelpe deg med å fylle ut og sende søknaden.

Attestar og vitnemål kan leggast ved den elektroniske søknaden. Alle som blir kalla inn til intervju må ta med originalar eller attesterte kopiar. Leverte attestar, vitnemål og andre vedlegg til søknaden blir ikkje returnert.

For alle stillingane gjelder vanlege kommunale tilsettingsvilkår.
Tariffavtale for KS området og for tida 2% trekk i løn til pensjonsinnskudd.

Sist endra 24.05.2017