Aktuelt
Publisert 17.10.2018

Ordførar Olav Kasland har søkt, og fått fritak frå vervet som ordførar i Bø kommune med verknad frå 1.november 2018. Han fortsett som folkevald medlem av kommunestyret ut valperioden 

Publisert 26.09.2018
Bøstasjon (2).jpg

Bane Nor bygger om stasjonsbygget og utvider parkeringsplassen ved Bø stasjon no i haust. Arbeidet er eit resultat av samarbeidet mellom Telemark fylkeskommune, Bane Nor, Statens vegvesen, Fylkesmannen i Telemark og Bø og Sauherad kommunar gjennom prosjektet Bygdepakke Bø og Sauherad. Partane har samarbeidd om ein mulighetsstudie for framtidig utforming av Bø stasjon. Utviding av parkeringsplassen og ombygging av stasjonsbygget utgjer fyrste fase av utviklingsarbeidet.

Publisert 14.09.2018
Illustrasjonsfoto fra Horten.PNG

Bø kommune startar med opprustning av gang- og sykkelvegen langs Bordvegen i veke 38. Det må medreknas noko støy og redusert framkommelegheit under arbeida som vil pågå utover hausten.

Publisert 11.09.2018
Grivi torg.JPG

Hovudutval for plan, teknikk og næring har vedtatt å legge forslag til detaljreguleringsplan for Grivi torg ut på høyring. Formålet med planen er å styrke sentrum ved å legge til rette for ei utvikling av Grivi torg som kombinerer publikumsretta næringsverksemd, kontor og tenesteyting i kombinasjon med bustader. Frist for å sende inn merknad til planforslaget er 25.10.18.

Publisert 09.09.2018
Bø Røde Kors

1. oktober er neste frist for søknadar til kulturmidlar. Frist for søknad om idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning er 1. oktober, og frist for søknad om spelemidlar er 1. desember.

Publisert 27.08.2018
Bø kommunehus

Bø kommune er rangert på ein 32. plass på landsbasis i årets kommune-NM. Ein oppgang på 10 plassar frå i fjor.

 

 

Publisert 13.08.2018
Skogbrann.jpg

Brannsjefen opphevar vedtaket som blei innført 13.07.2018 i samband med skogbrannfara i kommunane Bø, Nome og Sauherad. Oppheving av tidlegare vedtak gjeld frå måndag 13.08.2018.

Publisert 18.07.2018
Bufetat-logo.jpg

Informasjonsmøtet er for deg som ønskjer å vite meir om kva det vil si å vere fosterheim. 

Publisert 13.07.2018
Røyking forbode.jpg

Oppdatert 13.07.2018 frå kl. 08.00. 

Publisert 02.07.2018

Det er nå totalforbod mot all bruk av open eld i Bø og resten av kommunane i Telemark. Vedtaket gjeld frå kl. 16.00 i dag, og til situasjonen endrar seg. 

Publisert 29.06.2018

Forskningsmidlane kjem frå Oslofjordfondet og er til nasjonalt prosjekt om attraktiv stadsutvikling.

Publisert 05.06.2018
Skogsbilveg.jpg

Fylkesmannen i Telemark oppmodar skogeigarar og andre eigarar av vegsystem i skogområda til å låse bomsystem eller på anna måte redusere unødig bruk av skogsvegar.

Denne oppfordringa gjeld fram til versituasjonen endrar seg og skogbrannfara er vesentleg redusert.

Publisert 04.06.2018

Gullbring kulturanlegg AS er nå i gang med å finne ny dagleg leiar. Er du tydeleg, har gode samarbeidsevner og pågangsmot, så kan du være den dei er på jakt etter.  

Ta ein kikk på stillingsannonsa under, og sjå om dette er noko for deg. 

Publisert 28.05.2018

Frå og med i dag vil alle fakturaer frå kommunen komme rett i di digitale postkasse. Dette gjeld fakturaer på alle kommunale tenester.

Publisert 25.05.2018
Bål2.jpg

På grunn av stor skogbrannfare fattar brannsjefen i Midt-Telemark brann- og redningsteneste vedtak om forbod mot bruk av open eld utandørs i Bø, Nome og Sauherad kommunar.

Publisert 23.05.2018
Hageslange.jpg

På grunn av høgt vassforbruk innførast vatningsforbod frå i morgo 24.05.2018 for alle abonnentar tilhøyrande kommunalt vassverk.

Publisert 02.05.2018
Vipps.jpg

Nå kan du betale med både Vipps og bankkort på nokre av tenestestadene i Bø kommune.

Publisert 20.04.2018
Avfallsdunkar

Publisert 22.03.2018

Sundsbarm Kraftverk er ute av drift fram til starten av juni, grunna utskifting av kontrollanlegget.

Publisert 12.03.2018
NAV Bø

 Frå 03. april 2018 har NAV kontoret i Sauherad kun opent for avtale samtalar. 

Publisert 05.03.2018
Bygdepakke Bø og Sauherad

 

Bygdepakke Bø og Sauherad søker forskingsmidlar for å utvikle tettstadspakker for attraktiv, inkluderande og klimavennleg stadsutvikling.

Publisert 14.02.2018

På måndagens kommunestyremøte blei det delt ut tre integreringsprisar til avdelingar i Bø kommune. Gullbring barnehage fekk fyrsteprisen, mens arbeidsstua på Bø sjukeheim og Bø ungdomsskule fekk andrepris. 

Publisert 01.02.2018
Miljøfyrtårn Rema 1000 Lundevegen

Rema 1000 i Lundevegen, ved dagleg leiar Freddy Stave, mottok i går sitt Miljøfyrtårnsertifikat frå leiar i utval for plan, teknikk og næring, Geir Sønstebø.

Publisert 29.01.2018
Stearinlys

Bø arbeidssenter tar imot rester av alle slags stearinlys - små, store, bruka, ubruka og med ulike fargar. 

Publisert 26.01.2018
Båndtvang

Det er fra 25. januar 2018 innført ekstraordinær båndtvang i Bø kommune.

Publisert 25.01.2018
Hanne Sommerfelt

Hanne Sommerfelt (37) er ansatt som leiar av nye NAV Midt-Telemark. Ho kjem frå stillinga som leiar for NAV Seljord.

Publisert 19.01.2018

Her kan du sjå ordførarane sitt videoreferat frå møta i partssammensatt utval og fellesnemda i dag, 19. januar.

Publisert 20.12.2017

Ordførarane sitt videoreferat frå møte i partssammensatt utval og fellesnemnda 15.12.17 er nå klart.

Publisert 12.12.2017
Jubilantar.jpg

Bø kommune har seks jubilantar i år. Desse vart heidra i kommunestyremøtet mandag 11. desember. Rådmann Åse Egeland takka for innsatsen, og ser fram til mange nye år med godt samarbeid. 

Publisert 12.12.2017
Ungdomspris 2017.jpg

Ungdomsprisen gjekk i år til lærling på Blomsterstemning, Signe M. Evertz Forsberg, for imponerande resultat i blomsterdekoratørfaget. 

Publisert 01.12.2017
17016936_635125400013682_6438908311738150826_o.jpg

Sauherad kommune går inn i det treårige hovudprosjektet Bygdepakke Bø og Sauherad som startar opp for fullt i januar 2018. Styringsgruppa for Bygdepakka, kommunestyra i Sauherad og Bø kommunar og fellesnemnda for Ny kommune har gjort formelle vedtak som legg grunnlaget for at Sauherad kommune nå blir ein del av dette prosjektet.

Publisert 22.11.2017
Efaktura og avtalegiro

 

Me minner om at det nå er mogleg å betale ulike fakturaer frå Bø kommune med e-Faktura eller AvtaleGiro. Dette gjeld faktura på kommunale avgifter, barnehage, SFO, kulturskule, husleige og omsorgstenester. 

Publisert 20.11.2017

Utleieleilegheiter søkast sentralt i Bø for tilvisingsavtale med Bø kommune og finansiering gjennom Husbanken

Publisert 20.11.2017
Gifteringer

Frå 01. januar 2018 tek kommunane over ansvaret for borgarleg vigsel i Noreg. I Bø kommune er det ordførar og varaordførar som har myndighet til vigsel. 

Publisert 17.11.2017

Fellesnemnda og Partssammensatt utval hadde møte fredag 17.11.2017. Ordførarane sitt referat kan du sjå  på heimesida til den nye kommunen. 

Publisert 17.11.2017

Bø toppar Statistisk sentralbyrå sin statistikk over innbyggartal etter 3. kvartal 2017, med største prosentvis vekst i landet. Tala, som blei publisera i dag, viser at kommunen har ei auke i folketalet på 241 innbyggarar, noko som tilsvarar ein vekst på 3,9 %. 

Publisert 16.11.2017
IMG_4252.jpg

I to år har den japanske fiolinmakaren Keisuke Hara budd  i Bø for å lære seg å bygge hardingfeler - i bygda med tre feler i kommunevåpenet. Nå er han snart på heimveg med eigne feler i bagasjen! 

Publisert 07.11.2017

Der er nå mogleg å søke om midler til tiltak for å redusere barnefattigdom. Målet med tilskuddsordninga er å motvirke og/eller dempe konsekvensene av fattigdom blant barn og ungdom. Tilskuddsordninga skal være et virkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktiviteter, uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Publisert 12.10.2017
Vedlegg 4a_HPV-unge kvinner_greyandred_50mm_outlined.jpg

 

 

November 2016 var oppstarten for eit nasjonalt tilbud om gratis HPV-vaksine for kvinner født 1991 og seinare. Tilbudet er midlertidig og varer i ein toårsperiode fram til utgangen av 2018. 

Bø er vertskommune for høgskulen, og mange kvinner i målgruppa er studentar ved høgskulen sin avdeling i Bø.  Du kan få vaksina ved Helsestasjon for ungdom. mandagar mellom kl. 15.00 og 16.30

Hvis det for deg blir aktuelt med dose 2 eller 3 på eit tidspunkt utanom studieåret: Ta kontakt med kommunehelsetenesta i bustadskommunen din for informasjon om vaksinasjonstilbudet der.

Publisert 25.09.2017

Ordførarane i Bø og Sauherad har publisera ei kort, munnleg oppsummering av møta i Partssammensatt utval (PSU) og Fellesnemda (FN). Dette er frå fredag 22. september.

Publisert 21.09.2017

I kommunestyremøte den 18. september blei det utdelt 6 miljøfyrtårndiplom. 

Publisert 12.09.2017

Bø kommune enda med 3187 mottatte stemmesedlar, som tilsvarar eit frammøte på 72 % i årets Stortingsval. 

Publisert 01.09.2017

Prosjektet Liv og Røre i Telemark skal bidra til betre læring, trivsel og helse for barn og unge i skular og SFO, gjennom ein time dagleg fysisk aktivitet, betre kosthald og eit betre psykososialt miljø i grunnskulane.

 
Publisert 22.08.2017
Hjertesone.jpg

Bø kommune og FAU ved Bø skule innfører «Hjartesone» rundt Bø skule for å sikre trygg skuleveg for barna. Innanfor hjartesona er det ikkje ønskjeleg med køyring av skuleelevar utover det som er heilt naudsynt. FAU og Bø kommune ønskjer at flest mogleg går, syklar eller kjem med skulebussen til skulen. Dei elevane som må bli køyrt, kan settast av utanfor hjartesona for å unngå uoversiktlege trafikksituasjonar ved skulen og for å gje barna rørsle og frisk luft før og etter skuletid.

Les meir her! (PDF, 2 MB)

Publisert 21.08.2017
Felles kommunestyremøte

Kommunestyret i Bø vedtok med 15 mot 10 stemmer at dei ønskjer at den nye kommunen skal heite Midt-Telemark. Kommunestyret i Sauherad gjorde samrøystes likelydande vedtak. 

Kveldens kommunestyrevedtak sendas vidare til departementet for endeleg vedtak. Vedtaket, i form av ei forskrift, kan forventas å være ferdig om ca 3 månader. 

Publisert 18.08.2017

Ordførarane i Bø og Sauherad vil framover publisere ei kort, munnleg oppsummering av møtene i Partssammensatt utval (PSU) og Fellesnemda (FS).

Publisert 17.08.2017

Takk til alle som kom på sykkel! Sykkelbygda registrerte nesten 300 syklistar til NRK Sommertoget på Bø stasjon tysdag 15. august; ein fantastisk oppslutnad på ein våt og regnfull dag! NRK Sommeråpent laga eit eige innslag om Sykkelbygda der kommuneplanleggar Kristin Karlbom Dahle blei intervjua på direkten om sykkelsatsing i Bø. Programmet kan du sjå på nrk.no. 

Her er vinnarane av fine premiar - som kan hentast på teknisk eining på Bekkevoll, Gullbringvegen 20 frå onsdag 23. august:

1. Gåvekort kr. 1000,- hos Brukås Sport nr. 20 - Kiri K Gjermstad 

2. Gåvekort kr. 1000,- hos G-Sport nr. 225 - Tom Stenstad 

3. Gåvekort kr. 1000,- hos Glexe nr. 165 - Karl Gunnar Sanda 

4. 2 billettar Bø kino nr 34 - Bolton Osaze  

5. 2 billettar Bø kino nr. 28 - Alberte Dortler 

6. 2 billettar Bø kino nr. 79 - Klas Gunnar Eika  

7. 2 billettar Bø kino nr. 76 - Thor Arne Hynne  

8. Gåvekort Høyt&Lavt nr. 138 - Andrea Mikalsen

9. Gåvekort Høyt&Lavt nr. 129 - Heidi Storvassli

10. Gåvekort Høyt&Lavt nr. 6  - Benjamin Dastinou 

11. Gåvekort Høyt&Lavt nr. 84 - Heidi Christoffersen 

 

Gratulerer! 

Publisert 08.08.2017

Bø og Sauherad får 4 millionar kroner til reguleringsarbeid for gang- og sykkelveg langs Rv 36. 

Publisert 28.06.2017
Otto Dahl.jpg

Otto Christian Dahl (43) er tilsett som ny regionrådssekretær i Midt-Telemark. Dahl kjem frå rolla som leiar for kulturarvteamet i Telemark fylkeskommune og er busett i Bø. 

Publisert 20.03.2017
kommunene i midttelemark går digitalt.JPG

Bø, Nome og Sauherad kommune starter med digital postutsendelse 20. mars

En offentlig løsning for sikker digital post til innbyggere er en sentral byggekloss i utviklingen av digitale tjenester. Digitaliseringsrundskrivet 2016 gir pålegg om at alle offentlige forvaltningsorganer som sender post til innbyggere skal benytte digital postutsending som førstevalg.

Publisert 27.02.2017
kjernejournal_ehelseillustrasjon.jpg

 1.mars vil alle innbyggere i Telemark, Vestfold, Østfold, Buskerud samt Asker og Bærum få kjernejournal. Da har alle innbyggere i Norge fått kjernejournal.

Publisert 18.01.2017

Foreldrehverdag.no hjelper deg å bli betre kjend med barnet ditt og deg sjølv, og handlar om forholdet mellom dykk.

No lanserar Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet nettstaden foreldrehverdag.no der foreldre kan finne fagleg kvalitetssikra informasjon om korleis dei kan forstå barnet sitt betre. Målet er å gje foreldre inspirasjon, tru på eigen omsorgsevne og bidra til å styrke samspelet i kvardagen. Nettstaden tek utgangspunkt i det anerkjente rettleiingsprogrammet ICDP (International Child Development Program) og er utvikla i samarbeid med fagfolk.

Foreldrehverdag.no byggjer på kunnskap om barns utvikling og viser korleis foreldre kan støtte barnet i dette.
Nettstaden inneheld artiklar, filmar og enkle oppgåver. Oppgåvene skapar refleksjon og kan hjelpe lesaren å omsette kunnskapen til eigen foreldrekvardag. Artiklane handlar om alt frå grensesetting, ros og anarkjenning til syskenkrangel, trass og ungdomstid.