AvtaleGiro eller eFaktura-avtaler for kommunale fakturaer

Gjer det enklare for deg sjølv og opprett AvtaleGiro eller eFaktura-avtale for betaling av faste utgifter frå kommunen.

Dette gjeld for fakturaer som kommunale avgifter, barnehage, SFO og kulturskulen.
 
Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 07.11.2018

Du kan opprette AvtaleGiro eller eFaktura-avtaler i nettbanken din, eller ved å gå i banken. 

For kommunale avgifter

1. Opprett AvtaleGiro eller eFaktura-avtale med banken din.

2. Gje beskjed til Halvor Moen på Teknisk eining om at du ønskjer faktura på 12 terminar i staden for fire. Han når du på telefon 91120161 eller halvor.moen@bo.kommune.no.

 

På denne måten får du fordelt dei årlege kostnadane dine på kommunale avgifter likt utover heile året.