Bli med på Sykle til jobben 2018

Sykle til jobben morgonkaffe.jpg - Klikk for stort bilete Med Sykle til jobben-aksjonen kan du få deg og dine kollegaer i form. Aksjonen begynner 19. april og påmelding er allereie open. Det er gratis deltaking for alle busett i Telemark!  Aksjonen varer til og med 17. juni. 

Publisert av Sindre Flø. Sist endra 16.04.2018

I kampanjen kan du registrere all aktivitet og selvfølgeleg det du gjer til og frå jobb også.

Du kan delta som enkeltperson eller som lag, og bli med i trekning av premier gjennom heile aksjonsperioden. Ein kan vinne alt frå treningskle til eksotiske turer for heile laget.  

Aktiviteten din kan du anten loggføre på nett ved å logge deg på www.sykletiljobben.no, eller via automatisk kopling mot Strava, Endomondo eller Polar. 

Les meir om korleis delta på Sykle til jobben!