Bø kommunes Ungdomspris 2018

Ordførar Borgar Kaasa og prisvinnar Simen Roheim Iversen. - Klikk for stort bilete

Bø kommunes Ungdomspris 2018 blir tildelt munnharpesmed og spelemann Simen Roheim Iversen (24) frå Bø

 
Publisert av Ann Sissel Lyngen. Sist endra 12.12.2018

Prisen delast ut kvart år til ein kandidat som med sin innsats innanfor samfunns-, idretts- eller kulturliv, har vore med på å markere Bø positivt på nasjonalt nivå. Føremålet med prisen er å signalisere at rekruttering til positive aktivitetar er noko Bø kommune set pris på og vil oppmode fleire om å ta del i.

Prisen skal gå til ein kandidat i aldersgruppa 16 - 25 år som har utmerka seg på nasjonalt nivå, og består av eit diplom og ein sjekk på kr. 5.000,-. Det er leiar og to medlemmer av oppvekst- og kulturutvalet som utgjer juryen.

Årets prisvinnar har vokse opp i Bø og er fortida i ferd med å avslutte bachelorstudiet i folkekunst ved USN Rauland. I 2017 vann han landskappleiken i munnharpespel. Sjølv seier han at ein time med folkemusikaren Anders Røine for fire år sidan – inspirerte til å starte med munnharpespel! Sidan har han vore hekta – både på spelet og på smedfaget! I tillegg til å vere ein habil spelemann - lagar han fantastiske munnharper!

Fann du det du leita etter?