Bygdepakke Bø og Sauherad har fått 3,8 mill i forskingsmidlar

Forskningsmidlane kjem frå Oslofjordfondet og er til nasjonalt prosjekt om attraktiv stadsutvikling.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 29.06.2018

Saman med ei rekke forskingsmiljø, direktorat, fylkeskommunar og kommunar, står nå Bø og Sauherad kommunar som prosjektansvarlege for eit stort treårig forskingsarbeid, som vil gje ny kunnskap om korleis samarbeid på tvers og framtidsretta tiltak kan skape attraktive, inkluderande og klimavenlege tettstader.

Forskingsprosjektet vil derfor gje verdifull ny kunnskap som kan tas inn i arbeidet med å skape ein ny framtidsretta Midt-Telemark kommune.

Meir informasjon om Bygdepakke Bø og Sauherad prosjektet (PDF, 503 kB).