Detaljreguleringsplan og utbyggingsavtale for område B4, B5 og B7 i Nordbøåsen vedtatt

Nordbøåsen 3D.JPG - Klikk for stort bilete

Kommunestyret vedtok 11.6.18 (sak 58/18 (PDF, 867 kB)) detaljreguleringsplan for områda B4, B5 og B7 i Nordbøåsen og endring av gjeldande områdereguleringsplan. Område B4, B5 og B7 ligg i byggetrinn 3 i områdereguleringsplan for Nordbøåsen. Formålet med planen er å legge til rette for eit nytt bustadområde med einebustader og konsentrerte felt.

I same møte vedtok kommunestyret utbyggingsavtale med Nordbøåsen Utbyggingsselskap As (sak 60/18).

Kommunestyret vedtok detaljreguleringsplanen med heimel i plan- og bygningslova §12-12 i sak 58/18 (PDF, 867 kB). Detaljreguleringsplanen består av følgjande dokument:

Endringane i områdereguleringsplanen vart vedtatt med heimel i plan- og bygningslova §12-14. Føresegner med vedtatt endringar finn ein her (PDF, 2 MB).

I same møte vart utbyggingsavtale (PDF, 2 MB) mellom Bø kommune og Nordbøåsen Utbyggingsselskap AS (sak 60/18) vedtatt jf. plan- og bygningslova §17-2. 

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova § 12-12. Klager må vere skriftlege og sendast til postmottak@bo.kommune.no  eller i post til Bø kommune, Teknisk eining, Pb 83, 3833 Bø innan 5.8.18. Krav om erstatning eller innløysing etter § 15-2 i plan- og bygningslova må setjast fram seinast 3 år etter kunngjering av vedtaket.

Sist endra 05.07.2018