Digitale fakturaer frå kommunen

Frå og med i dag vil alle fakturaer frå kommunen komme rett i di digitale postkasse. Dette gjeld fakturaer på alle kommunale tenester.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 29.05.2018

Du må da logge deg inn i di digitale postkasse, Digipost eller e-Boks, for å hente ut fakturaen. Har du ikkje digital postkasse, vil fakturaen komme i Altinn. 

Meir informasjon om digital postutsending.
 

Reservasjon

Det er mogleg å reservere seg mot å motta post frå offentlege etatar digitalt. Det kan du gjere inne på Norge.no.
 

Enklare løysing

Ønskjer du ei enda enklare løysing, kan du opprette e-faktura eller avtalegiro avtale for betaling.

Det kan du gjere på ein av desse måtane:

  • Logg deg inn i nettbanken din og finn Bø kommune som tilbyder av AvtaleGiro eller e-Faktura
  • Når du betalar di neste rekning frå oss, kan du, om nettbanken spør deg, akseptere tilbodet om å opprette enten AvtaleGiro eller eFaktura-avtale
  • Kontakte banken din direkte for å opprette AvtaleGiro eller e-Faktura-avtale

For kommunale avgifter må ein også gje beskjed til Halvor Moen på Teknisk eining om at ein ynskjer faktura på 12 terminar i staden for fire. Slik får ein fordelt dei årlege kostnadane på kommunale avgifter likt utover heile året.