Endringar i renovasjonsrute

Avfallsdunkar - Klikk for stort bilete

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 20.04.2018

Grunna endring av renovasjonsruter for hushaldningar vil det bli endra innhentingsdag for delar av rute 2 mellom Bø og Notodden frå og med veke 19. Ny fast hentedag blir måndag.

Sjå oppdatert renovasjonskalender på www.irmat.no for meir informasjon.

Renovatøren vil også distribuere ny kalender til desse abonnentane.