Enklare å betale rekningar frå kommunen

Efaktura og avtalegiro

 

Me minner om at det nå er mogleg å betale ulike fakturaer frå Bø kommune med e-Faktura eller AvtaleGiro. Dette gjeld faktura på kommunale avgifter, barnehage, SFO, kulturskule, husleige om omsorgstenester. 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 05.09.2017

Korleis kan du inngå AvtaleGiro eller eFaktura-avtale?

Du kan gjere ein av følgjande:

  • Logg deg inn i nettbanken din og finn oss som tilbyder av AvtaleGiro eller e-Faktura
  • Når du betalar di neste rekning frå oss, kan du, om nettbanken spør deg, akseptere tilbodet om å opprette enten AvtaleGiro eller eFaktura-avtale
  • Kontakte banken din direkte for å opprette AvtaleGiro eller e-Faktura-avtale

For kommunale avgifter må ein også gje beskjed til Halvor Moen på Teknisk Eining om at ein ynskjer faktura på 12 terminar i staden for fire. Slik får ein fordelt dei årlege kostnadane på kommunale avgifter likt utover heile året, noko som har vore lenge etterspurd. 

Feieavgift/tilsyn vil bli fakturera ein gong kvart år. 

Ynskjer du meir informasjon om AvtaleGiro eller eFaktura, finn du dette ved å klikke på bildet øvst i denne saka.