Fondsmidlar til regionale og interkommunale idrettsanlegg

Frå og med 2017 utlyser Telemark fylkeskommune fondsmidlar til regionale og interkommunale idrettsanlegg. Søknadsfristen er 1. desember 2017.

Publisert av Sindre Flø. Sist endra 27.10.2017

Det kan søkast om planleggingsmidlar for å vurdere utbygging av nye idrettsanlegg med regional betydning. Med regional betydning meinast anlegg som vil kunne brukast av innbyggjarar på tvers av kommunegrenser og som det ikkje finst eller er behov for fleire av i kvar kommune.

Les meir om ordninga på nettsida til Telemark fylkeskommune.