Gledeleg melding frå Bygdepakka: Vi doblar parkeringskapasiteten ved Bø stasjon

Bøstasjon (2).jpg - Klikk for stort bilete

Bane Nor bygger om stasjonsbygget og utvider parkeringsplassen ved Bø stasjon no i haust. Arbeidet er eit resultat av samarbeidet mellom Telemark fylkeskommune, Bane Nor, Statens vegvesen, Fylkesmannen i Telemark og Bø og Sauherad kommunar gjennom prosjektet Bygdepakke Bø og Sauherad. Partane har samarbeidd om ein mulighetsstudie for framtidig utforming av Bø stasjon. Utviding av parkeringsplassen og ombygging av stasjonsbygget utgjer fyrste fase av utviklingsarbeidet.

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 26.09.2018

Parkeringskapasiteten vil etter ombygging gi plass til 86 bilar i tillegg til 5 kiss-and-ride plassar. Stasjonsbua vil flytte si verksemd inn i stasjonsbygget, og dagens gatekjøkkenbu blir fjerna. Stasjonsbua flyttar inn der taxiane held til i dag, og Bø taxi flyttast til vestsida av stasjonsbygget. «Rundkøyringa» vil bli fjerna og erstatta av ein mindre trafikkrabatt og korttidsparkeringsplassar for nye Stasjonsbua, men statuen av Torkjell Haugerue blir ståande omtrent på same stad som i dag. Det er ønskjeleg å få på plass overbygde sykkelparkeringsplassar i samband med oppgraderinga.

Bane Nor har lagt arbeidet ut på anbod, og anbodsopning blir 8.oktober. Arbeidet skal etter planen starte i uke 41-42 og skal vere ferdig før jul. Bane Nor arbeider no for å få på plass ei mellombels parkeringsløysing, og dette kan bli på deira eigedom sør for sporet, ved Oppheimvegen. Bane Nor ønskje å halde kiss-and-rideplassar tilgjengeleg gjennom anleggsperioden. Det skal ikkje gjerast tiltak på bussterminalen som påverker bussdrifta, og tilkomst til tømmerterminalen vil bli ivaretatt gjennom anleggsperioden.

Arbeidet som no skal gjennomførast er finansiert som eit spleiselag mellom Bane Nor, fylkeskommunen, vegvesenet og Bø kommune. Bø kommune er svært fornøgd med samarbeidet og glade for at også fylkeskommune og vegvesenet har bidratt til finansiering av eit viktig tiltak for det regionale kollektivknutepunktet Bø stasjon.

Ferdig anlegg vil gje dobbelt så stor parkeringskapasitet som i dag og framstå som meir publikumsvenleg og oversiktleg.

Kontaktperson i Bane Nor: Prosjektleiar Rune Jensen, rune.jensen@banenor.no, tlf 91677608.

Kontaktperson i Bø kommune/Bygdepakke Bø og Sauherad: Kristin Karlbom Dahle, krda@bo.kommune.no, tlf 91527229