Gratis HPV-vaksine til unge kvinner født 1991 og seinare

HPV-unge kvinner - Klikk for stort bileteHPV-unge kvinner

 

 

November 2016 var oppstarten for eit nasjonalt tilbud om gratis HPV-vaksine for kvinner født 1991 og seinare. Tilbudet er midlertidig og varer i ein toårsperiode fram til utgangen av 2018. 

Bø er vertskommune for høgskulen, og mange kvinner i målgruppa er studentar ved høgskulen sin avdeling i Bø.  Du kan få vaksina ved Helsestasjon for ungdom. (PDF, 36 kB) mandagar mellom kl. 15.00 og 16.30

Hvis det for deg blir aktuelt med dose 2 eller 3 på eit tidspunkt utanom studieåret: Ta kontakt med kommunehelsetenesta i bustadskommunen din for informasjon om vaksinasjonstilbudet der.

Kva er HPV-vaksine?

Alle kvinner født 1991 og seinare har sidan hausten 2016 fått tilbud om gratis vaksine mot humant papillomavirus (HPV-vaksine) gjennom eit to-årig vaksinasjonsprogram. Oppstart av programmet var i november 2016. Vaksinen anbefales til unge kvinner for å forebyggje livmorhalskreft og forstadier til livmorhalskreft forårsaka av HPV-infeksjon.

HPV-infeksjon er den vanlegaste seksuelt overførbare infeksjonen i verda. Dei fleste som er seksuelt aktive blir smitta i løpet av livet, dei fleste i ung alder.  Infeksjonen er som regel ufarleg og går over av seg sjølv, men somme får ein vedvarande infeksjon som på sikt kan føre til livmorhalskreft. Kvart år får om lag 300 kvinner i Norge livmorhalskreft og 65­-100 dør av sjukdomen. Vaksina kan gje beskyttelse sjølv om ein har debutert seksuelt.   

HPV-vaksine har vore ein del av barnevaksinasjonsprogrammet til jenter i 7.klasse sidan 2009. Frå hausten 2016 kan uvaksinerte kvinner født 1991 og seinare også få tilbud om gratis HPV-vaksine. Tilbudet er midlertidig og varer i en toårsperiode frå hausten 2016. Vaksinasjonen består av tre vaksinedoser gitt i løpet av 6-12 månader og må derfor startas opp før utgangen av 2018.

Sist endra 12.10.2017