Hjartesone rundt Bø skule for å sikre trygg skuleveg for alle

Hjertesone.jpg - Klikk for stort bilete

Bø kommune og FAU ved Bø skule innfører «Hjartesone» rundt Bø skule for å sikre trygg skuleveg for barna. Innanfor hjartesona er det ikkje ønskjeleg med køyring av skuleelevar utover det som er heilt naudsynt. FAU og Bø kommune ønskjer at flest mogleg går, syklar eller kjem med skulebussen til skulen. Dei elevane som må bli køyrt, kan settast av utanfor hjartesona for å unngå uoversiktlege trafikksituasjonar ved skulen og for å gje barna rørsle og frisk luft før og etter skuletid.

Les meir her! (PDF, 2 MB)

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 22.08.2017