Høyring av detaljreguleringsplan for Grivi torg

Grivi torg - Klikk for stort bilete Hovudutval for plan, teknikk og næring har vedtatt å legge forslag til detaljreguleringsplan for Grivi torg ut på høyring. Formålet med planen er å styrke sentrum ved å legge til rette for ei utvikling av Grivi torg som kombinerer publikumsretta næringsverksemd, kontor og tenesteyting i kombinasjon med bustader. Frist for å sende inn merknad til planforslaget er 25.10.18.

I samsvar med § 12-10 i plan- og bygningslova vedtok hovudutval for plan, teknikk og næring 28.8.18, sak 63/18 (PDF, 2 MB), å legge detaljreguleringsplan for Grivi torg (planID 01_58_2015) ut til offentleg ettersyn. Planen er fremja av WSP Norge AS på vegne av Grivi Invest AS. Formålet med planen er å styrke sentrum ved å legge til rette for ei utvikling av Grivi torg som kombinerer publikumsretta næringsverksemd, kontor og tenesteyting i kombinasjon med bustader.
 

Plandokument:

Forslag til reguleringsplan er og lagt ut hjå Teknisk eining på Bekkevoll, kommunehuset og biblioteket.

Frist for å kome med merknad er 25.10.18. Merknader sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Teknisk eining, Pb. 83, 3833 Bø.

Sist endra 11.09.2018