Høyring av samfunnsdel av kommuneplan for Midt-Telemark kommune 2019-2031

  Samfunnsdel - Klikk for stort bilete

Sauherad og Bø kommunar legg no ut forslag til samfunnsdel av kommuneplan (PDF, 780 kB) for nye Midt-Telemark kommune 2019-2031 på offentleg ettersyn. Sjå videosnutt som forklarer planforslaget.

Formålet med planen er å få eit felles overordna styringsdokument som gjennom langsiktige mål og strategiar gir ei berekraftig samfunnsutvikling i nye Midt-Telemark kommune. Planen omfattar både Midt-Telemark kommune som lokalsamfunn og som kommuneorganisasjon og har ein arealstrategi som dannar grunnlag for framtidig arealdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune.

Kommunen ønsker å få høyre kva innbyggarar og næringsliv meiner om planforslaget før dei to kommunestyra skal vedta planen, og inviterer til "Prat om plan" på kommunehuset på Akkerhaugen 11.12. og Bø 12.12. Frist for å kome med innspel er 8.1.19.

Samfunnsdelen av kommuneplanen skal vere politisk og administrativt styringsverkty som gir klare prioriteringar og gjer kommunen pårekneleg i dialog med omverden. Ny plan for Midt-Telemark kommune (PDF, 780 kB) er utarbeidd som ein interkommunal plan jf. plan- og bygningslova §9-1, og fellesnemnd for ny kommune vedtok i møte 16.11.18 (sak 64/18 (PDF, 606 kB)) å legge planforslaget ut på offentleg ettersyn jf. plan- og bygningslova §11-14.

Planforslaget (PDF, 780 kB) er å finne i papirformat på kommunehusa og biblioteka i Sauherad og Bø. Skal du skrive ut planforslaget, så bruk denne versjonen (PDF, 7 MB).

Planomtala (PDF, 881 kB) skildrar planprosessen, langsiktige utfordringar, innspel til planarbeidet og bakgrunn for mål og strategiar. Vedlegg til planomtala:

I høyringsperioden inviterer kommunane til ope plankontor på dei to kommunehusa der innbyggarane og andre interesserte kan kome innom i løpet av opningstida kl 15.30-17.30 for å bli orientert om planforslaget og evt. kome med skriftlege merknader til planforslaget:

Sauherad:             Tysdag 11.12. på kommunehuset på Akkerhaugen

Bø:                        Onsdag 12.12. på kommunehuset i Bø

Frist for å kome med merknader er 8.1.19. Merknader sendast postmottak@bo.kommune eller Bø kommune, Pb. 83, 3833 Bø og merkast «Kommuneplanens samfunnsdel, 17/2804».

Sist endra 11.12.2018
Fann du det du leita etter?