Hugs refleks!

Haustmørket senker seg, og det er viktig å gjere seg synleg i trafikken! Fredag 20. oktober markerer vi Refleksdagen i Bø med å dele ut Børefleksen til gåande i sentrum. Fra kl. 07.30 vil du møte både politikarar og tilsette i Bø kommune på gata for å dele ut refleks til deg.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 18.10.2017

Visste du at refleks reduserer risikoen for å bli påkøyrd i mørket med 85 %? Eller at vaksne er den delen av befolkninga som er minst flinke til å bruke refleks?

I haustmørkeret er du så godt som usynleg. Bilisten har 10 sekund til å reagere om du brukar refleks. Går du utan, har han bare 2 sekund på seg. På nettsidene til Trygg Trafikk kan du finne meir informasjon om kor stor betydning refleks har.  Her kan du også finne råd om riktig bruk av refleks, sjå filmsnuttar og finne tips om refleksaktiviteter for store og små; mellom anna korleis du kan teste dine gamle refleksar. Dette er nyttig, ettersom refleks er ferskvare - riper og vask svekkjer refleksjonen.

Til slutt: Hugs at det er i bygater dei fleste ulykkene skjer.