Informasjon om endring av like og nesten like vegnamn i samanslåinga av Sauherad og Bø

Informasjon om like vegnamn - Klikk for stort bilete  

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 12.03.2018

Det er kommunen som bestemmer kva ein skal heite. Når kommunane Bø og Sauherad blir til Midt-Telemark kommune blir det 6 heilt like og 26 nesten like vegnamn i den nye kommunen. 

Når vegnamn skal endras er det viktig at færrast mogleg blir påverka, samtidig som det blir tatt omsyn til lokal identitet som f.eks. kjende stadnamn. Ut i frå ei vurdering av dette har Fellesnemnda for den nye kommunen bestemt kva for vegar som skal bytte namn. 

Kommunane jobbar nå vidare med vegnamnsaka. I dette arbeidet vil dei som blir påverka bli kontakta av kommunen. Dei som blir påverka har rett til å uttale seg. I tillegg vil historielag og vegnamnnemnd komme med innspel. Når det ligg føre forslag på nye vegnamn, vil saka bli behandla politisk i begge kommunar. Deretter blir saka lagt ut på høyring før kommunane fattar vedtak om nye namn og adresser. 

Les meir om faktorar for valg av vegnamn