Informasjon vedr. passlokasjoner i Sør-Aust politidistrikt

Pass - Klikk for stort bilete

30. november 2018 beslutta Justis- og beredskapsdepartementet etablering av 77 pass og ID-kontorer i fastlands-Noreg. I Sør-Aust politidistrikt er det beslutta at det i framtida berre skal ha sju passlokasjonar.

Publisert av Jeanett Kaasa. Sist endra 21.12.2018

Politidistriktet vil vidareføre passlokasjonar i Stokke, Drammen, Hønefoss, Gol, Kongsberg, Notodden og Skien.

På grunn av ombyggingar ved dei stadene som skal utstede pass, og ønskje om eit tilfredsstillande tilbod til publikum i byggjeperioden, er det beslutta desse avviklingane i Telemark:

Frå 1. jaunar 2019 vil passlokasjonen i Seljord bli avvikla, mens det i Kragerø og Bamble vil bli avvikla 4. mars 2019.

Ombygging.JPG - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 


Når nye passlokasjonar er etablert, vil det bli timebestilling på alle stader. Dette vil gjere det meir forutsigbart for innbyggjarar. Timebestillinga vil vere tilgjengeleg på nett via www.politiet.no.

For meir informasjon om avvikling og ombygging av passlokasjonane, ta kontakt med Sør-Aust politidistrikt på tlf. 33 34 44 00. Det vil også bli lagt ut informasjon fortløpande på www.politiet.no.