Innskjerping av totalforbod mot all bruk av ope eld!

Oppdatert 13.07.2018 frå kl. 08.00. 

Bål2.jpg - Klikk for stort bilete

Brannsjefane i Telemark har fatta vedtak om forbod mot bruk av ope eld utandørs i alle kommunar i Telemark. Forbodet omfattar bruk av all ope eld som kan antenne gras, skog og liknande og gjeld f.o.m. 2. juli 2018 kl. 16.00 og inntil situasjonen endrar seg. Vedtaket er fatta med heimel i lov om vern mot brann, eksplosjon og ulykker med farleg stoff mv. § 37, jf. forskrift om brannforebygging § 3.

Skogbrannfara Østafjells er nå svært stor. Brannsjefane har på bakgrunn av dette innført totalforbod mot bruk av ope eld utandørs. Det betyr:

Dette kan du ikkje gjere:

  • Det er ikkje lov å tenne bål og grille i nærleiken av skog, ut- og innmark
  • Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona
  • Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjente og tilrettelagte bål- og grillplassane
  • Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eigen tomt. Dette kan leverast inn på avfallsmottak
  • Det betraktas som uaktsomt å tenne røyk og røyke i nærleiken av skog og utmark.
     

Røyking forbode - Klikk for stort bilete

Med bål meinas små kaffebål, bålpanner, stormkjøkken og andre kokeapparater med brennstoff.

Med grill meinas eingongsgrillar, kullgrillar og gassgrillar.

VER VENNLEG Å UNNGÅ Å RINGE FOR Å BE OM LOV, DA INGEN DISPENSASJONAR VIL BLI GJETT.

Dette kan du gjere:

  • Grille i din eigen hage med aktsomheit. Er du i tvil om du oppfyller aksomheiten så lar du vere. (Eingongsgrillar er ikkje tillatt)

 

MERK! Ved prekære hendingar kan brannvesenet leggje ned forbod mot ALL eld, sjølv i folks hagar.

I forbindelse med eventuell skogsdrift må stor forsiktigheit utvisast, skogdriftsaktørar kjenner farene og må nå fortløpande vurdere om situasjonen tillatar drift. Det følgjer av aktsomhetskravet i lov og forskrift om brann. Det varme og tørre været som vi har hatt i distriktet i lengre tid, har ført til stor fare for brann i gras og anna vegetasjon.

Frå og med fredag 13.07.2018 klokka 08.00 er brannsjefane av den oppfatning at det vil vere uaktsomt å drive hogst. Dette gjeld inntil ny vurdering gjerast etter nedbør av betydning.

Forbudet gjeld inntil vedtaket blir oppheva. Brannsjefen oppfordrar alle til å respektere totalforbodet mot bruk av åpen eld i denne perioden.

Skader som eventuelt skulle oppstå som følge av bruk av alle typer eld, eller anna aktivitet som fører til brann, kan medføre straffeansvar.

Ved brann eller farlege situasjonar, ta kontakt med brannvesenet på nødnummer 110.
 

Brannsjefane i Telemark

Sist endra 17.07.2018