Kulturskulen inviterer til konsertar og utstilling

Dans.jpg - Klikk for stort bilete

Denne veka er det stor aktivitet i Bø kulturskule. I kveld, måndag 4. juni kl.19.00, er det «dei unges arena» på Kroa der fleire band og songarar deltek. I forkant, kl.18.30,  blir det ein åpen trommesirkel på Kroa der alle kan delta. Gratis inngang.

På onsdag 6. juni kl. 17.30 blir det ei offisiell åpning av kunstutstillinga i Framstugo i Gullbring. Her får du sjå kunstverk av billedgruppa i kulturskulen.

Vidare på onsdag kl 18.00 er det musikk, dans og bilde i Storsalen i Gullbring. Her vil dei fem dansegruppene i kulturskulen opptre. Dei yngste elevane i kulturskulen går på musikk/bilde i SFO-tida. Dei vil også vise oss kva dei har øvd på i vinter. I tillegg vil publikum få høyre nokre musikkinnslag. 

Vi ønskjer alle velkommen til fine arrangement i kulturskulen!

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 04.06.2018