Forslag til felles planstrategi for Sauherad og Bø kommunar 2017-2019

Felles planstrategi for Sauherad og Bø - Klikk for stort bilete

Fellesnemnda for Sauherad og Bø kommunar har behandla forslag til felles planstrategi (PDF, 2 MB) for dei to kommunane i perioden 2017-2019 og vedtatt si tilråding til dei to kommunestyra. Utarbeiding av felles samfunnsdel har fyrste prioritet i forslaget. Kommunestyra får planstrategien til endeleg vedtak i første møte etter sommarferien. 

Planstrategien er ikkje ein plan, men ei prioritering av planressursane i valperioden. Strategien skal klargjere kva for planoppgåver som skal gjennomførast for å legge til rette for ei ynskt utvikling. Kommunestyret tar her stilling til om kommuneplanen skal rullerast.
 
Sauherad og Bø kommunar har vedtatt kvar sin kommunale planstrategi, men har no utarbeidd ein felles planstrategi for å samordne planarbeidet og nytte dette som verkty for å bygge ny kommune.
 
I tråd med plan- og bygningslova §10-1, leggast gjerast forslaget kjent i minst 30 dagar før kommunestyret si behandling.
Sist endra 19.06.2017