Forslag til reguleringsplan for delar av byggetrinn 3 i Nordbøåsen på høyring

Nordbøåsen 3D.JPG - Klikk for stort bilete Søndergaard Rickfelt AS har på vegne av Nordbøåsen Utbyggingsselskap AS fremja forslag om detaljreguleringsplan for delar av byggetrinn 3 på Nordbøåsen. Formålet med planen er å legge til rette for bustader i felta B4, B5 og B7. Hovudutval for plan, teknikk og næring vedtok i møte 31.1.18 (sak 05/18 (PDF, 784 kB)) å legge planen ut til offentleg ettersyn saman med forslag til endringar av områdereguleringsplanen.

Frist for å kome med merknader er 20.3.18.

Hovudutval for plan, teknikk og næring vedtok i møte 31.1.18 å legge detaljreguleringsplan for bustadfelta B4, B5 og B7 i Nordbøåsen ut til offentleg ettersyn jf. §12-10 i plan- og bygningslova. Formålet med planen er å legge til rette for utbygging av bustader. Planen omfattar delar av utbyggingstrinn 3 i områdereguleringsplan for Nordbøåsen (delområda B4, B5 og B7). Planen har planID 02_40_2016.

Planforslaget er i hovudsak i tråd med områdereguleringsplanen. Planen legg til rette for 150 sjølvstendige bueiningar fordelt på 109 einebustader og 41 bueiningar i konsentrerte felt. I tillegg kjem evt. sekundærleiligheter i einebustader. Planforslaget og konsekvensar av dette er skildra i planomtala (PDF, 5 MB).

Det er utarbeidd ein 3D-modell som viser framtidig infrastruktur og bygg i feltet (videoen viser fortau lans samleveg inn i feltet, men dette er erstatta med g/s-veg gjennom feltet i planen).

Planforslaget består av følgjande dokument:

Plankart (PDF, 2 MB) 

Føresegner (PDF, 2 MB)

Planomtale (PDF, 5 MB) med vedlegg:

I same sak (05/18 (PDF, 784 kB)) vedtok hovudutval for plan, teknikk og næring å legge følgjande forslag til endring av føresegnene til gjeldande områdereguleringsplan for Nordbøåsen ut til offentleg ettersyn, jf. plan- og bygningslova §12-14:

  • §2.2: Krav om utbygging av 63 bustader før oppstart av byggetrinn 3 strykast.
  • §2.3.3: Krav om opparbeiding av trinn 2 av nærmiljøanlegg knytast til bygging av barnehage istadenfor oppstart av byggetrinn 3.
  • §2.4.4: Punktet endrast frå å gjelde B6 og B7 til å berre gjelde B7
  • §3.4: Utnyttingsgrad for K1 (ridebanen) aukast frå 30 til 40% BYA

Sjå saksomtala (PDF, 784 kB) for nærmare omtale og vurdering av forslag til endringar og webkart for gjeldande plankart for områdereguleringsplanen.

Merknader til forslag til detaljreguleringsplan eller til forslag om endring av områdereguleringsplanen sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Pb 83, 3833 Bø innan 20.3.18.

Sist endra 06.02.2018