Høyring av ny områdereguleringsplan for Bø sentrum og oppheving av eldre planar

Bø sentrum.JPG - Klikk for stort bilete Forslag til ny områdereguleringsplan for Bø sentrum ligg no ute til høyring etter at hovudutval for plan, teknikk og næring behandla planforslaget 17.4.18 i sak 29/18 (PDF, 364 kB).

Formålet med planen er å legge til rette for eit attraktivt sentrum med urbane kvalitetar. Planprosess og løysing i planen er omtalt i planomtala.

Parallelt med høyring av planforslaget, vert det foreslått å oppheve heilt eller delvis fleire eldre reguleringsplanar i Bø sentrum.

Planforslaget

Formålet med planen er å:

  •  Legge til rette for eit attraktivt sentrum med urbane kvalitetar
  •  Fortette med bustader, næing og offentlege funksjonar
  •  Prioritere gange, sykkel og kollektiv for åredusere transportbehovet
  •  Redusere konfliktane mellom Bøata som gjennomkøringsveg og sentrumsgate

Hovudtema i planarbeidet har vore:

  •  Avgrensing av handelssentrum
  •  Utforming av Bøata
  •  Sikring av ganglinjer
  • Historisk utvikling og bevaringsverdiar (PDF, 2 MB)
  •  Fokusområer for utvikling av sentrumsfunksjonar
  •  Omlegging av Mølevegen
  •  Fortetting, utnyttingsgrad og byggehøgder
  •  Byforming og byrom
  •  Parkering

Planforslaget leggast no ut til offentleg ettersyn jf plan- og bygningslova §12-10 og består av følgjande dokument:

Planforslaget kan lesast i papirformat hjå Teknisk eining i Gullbringvegen 20, på kommunehuset og på Bø bibliotek.

Ope møte og informasjon i høyringsperioden

Bø kommune inviterte til ope med presentasjon av planforslaget  (PDF, 7 MB)14.5.18. Presentasjonen vart streama og ligg på kommunen sin facebookside.

Eigarar av bygg som er foreslått regulert til bevaring, har fått eigen invitasjon til ope kontor 14.5.18 for spørsmål og innspel til utvalet av bygg og føresegnene knytt til desse.

Oppheving av eldre planar

Følgjande eldre reguleringsplanar vert foreslått oppheva heilt eller delvis i samband med utarbeiding av ny områdereguleringsplan for Bø sentrum. I tillegg til gjeldande områdereguleringsplan for Bø sentrum (01_48_2012), gjeld dette:

  • 01_19_1977: Grivijordet
  • 04_04_1979: Haugeruddalen
  • 04_16_1996: Haugeruddalen

Delar av følgjande reguleringsplanar vert foreslått oppheva:

  • 01_27_1988: Bø stasjon/Borgjabrua (heile planen opphevast unntatt g/bnr 51/286 og 287)
  • 02_13_1993: G/s-veg til Forberg (det som ligg innanfor ny områdereguleringsplan opphevast)
  • 02_42_2016: Kyrkjevegen med fortau (det som ligg innanfor ny områdereguleringsplan  opphevast)
  • 03_12_2005: Eikelund (det som ligg innanfor ny områdereguleringsplan opphevast)
  • 05_24_1991: G/s-veg Berglien-Sandvin (det som ligg innanfor ny områdereguleringsplan opphevast)

Dei eldre planane vert foreslått oppheva fordi dei ikkje samsvarer med overordna mål for sentrumsutviklinga, fordi dei ikkje er vurdert som forsvarlege m.o.p. vurdering av grunntilhøve eller fordi dei er tatt inn i ny plan.

Frist for merknader

Frist for å kome med merknad til forslag til ny områdereguleringsplan for Bø sentrum eller til forslag om oppheving av eldre planar er sett til 11.6.18. Merknader sendast postmottak@bo.kommune.no eller Bø kommune, Teknisk eining, Pb. 83, 3833 Bø.

Spørsmål kan rettast til saksbehandlar Kristin Karlbom Dahle, krda@bo.kommune.no, tlf 35 05 91 70.

Sist endra 16.05.2018