Kunngjering av vedtatt detaljreguleringsplan for Skrubbemyra

Systemblokk_bilde.JPG - Klikk for stort bilete Kommunestyret har i møte den 18.09.17 (sak 78/17 (PDF, 737 kB)) vedtatt ny detaljreguleringsplan for Skrubbemyra.  Formålet med planen er å legge til rette for næring og utvida masseuttak ved Skrubbemyra med tilhøyrande infrastruktur som inkluderar omlegging av kommunal samleveg, Rallevegen utanom næringsområdet.

Publisert av Kari Verpe Hynne. Sist endra 04.10.2017

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova §12-12. Klager må vere skriftlege og sendast til postmottak@bo.kommune.no eller i post til Bø kommune, Teknisk eining, Pb 83, 3833 Bø innan 27.10.2017.  Krav om erstatning eller innløysing etter §15-2 i plan- og bygningslova må setjast fram seinast 3 år etter kunngjering av vedtaket.

Plandokument:

Plankart (PDF, 880 kB)
Føresegner (PDF, 123 kB)
Planomtale (PDF, 4 MB)
K-sak (PDF, 737 kB)