Målbruksplan for Midt-Telemark kommune – til offentleg ettersyn

 

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 13.11.2018

Ved etablering av Midt-Telemark kommune blei ein einige om å ta omsyn til at innbyggjarane har ei levande dialektbruk og har både bokmål og nynorsk som hovudmål.

Midt-Telemark kommune skal legge til rette for bruk av begge målformene. Kommunen skal utarbeide en målbruksplan som konkretiserer korleis ein kan forvalte begge målformene.

Det er laga ein målbruksplan som no leggast ut til offentleg ettersyn i 6 veker.

Planen er tilgjengeleg på kommunehusa i Bø og i Sauherad.
Du kan og lese den her: Målbruksplan for Midt-Telemark kommune

Synspunkt på denne planen kan leverast på e-post merka «målbruksplan» til: postmottak@bo.kommune.no

Frist for å fremme synspunkt er: 5. november 2018.