Områdereguleringsplan for Bø sentrum vedtatt og eldre detaljreguleringsplanar i Bø sentrum oppheva

Flyfoto.png - Klikk for stort bilete Kommunestyret i Bø vedtok 5.11.18 ny områdereguleringsplan for Bø sentrum. I same sak vart fleire eldre detaljreguleringsplanar i Bø sentrum heilt eller delvis oppheva.

Føremålet med områdereguleringsplanen er å legge til rette for eit attraktivt sentrum med urbane kvalitetar, fortette med bustader, næring og offentlege funksjonar, prioritere gange, sykkel og kollektiv for å redusere transportbehovet og å redusere konfliktane mellom Bøgata som gjennomkøyringsveg og sentrumsgate.

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 16.11.2018

I medhald av plan- og bygningslova §§12-12 og 12-14 vedtok kommunestyret i møte 5.11.18 (sak 89/18 (PDF, 906 kB) og 64/18 (PDF, 2 MB)) områdereguleringsplan for Bø sentrum og heilt eller delvis oppheving av eldre reguleringsplanar i Bø sentrum.

Områdereguleringsplan for Bø sentrum består av følgjande dokument:

Papirversjon av plandokumenta er å finne på Bø bibliotek, kommunehuset og hjå Teknisk eining på Bekkevoll.

Følgjande eldre detaljreguleringsplanar er med kommunestyret sitt vedtak oppheva heilt (planID og namn):

  • 01_19_1977 Grivijordet
  • 01_45_2008 Evjudalen
  • 01_48_2012 Områdereguleringsplan for Bø sentrum
  • 04_04_1979 Haugeruddalen

Følgjande eldre detaljreguleringsplanar er med kommunestyret sitt vedtak oppheva delvis (planID og namn):

  • 01_27_1988 Bø stasjon/Borgjabrua
  • 02_13_1993 G/s-veg til Forberg
  • 02_42_2016 Kyrkjevegen med fortausløysing
  • 03_12_2005 Eikelund
  • 05_24_1991 G/s-veg Berglien-Sandvin

Avgrensing av oppheva planar er å finne via kommunen sitt digitale planregister og søk på planID.

Kommunestyret sitt vedtak kan påklagast i samsvar med plan- og bygningslova (PBL) §§12-12 og 12-14. Klager må vere skriftlege og sendast postmottak@bo.kommune eller Bø kommune, Pb 83, 3800 Bø innan 13.12.18. Krav om erstatning eller innløysing etter PBL §15-2 må setjast fram seinast 3 år etter kunngjering av vedtaket.