Planprogram for felles samfunnsdel av kommuneplanen for Midt-Telemark kommune vedtatt

Planprogram samfunnsdelen.JPG - Klikk for stort bilete

Sauherad og Bø kommunar utarbeidar no ein felles samfunnsdel av kommuneplanen. Samfunnsdelen skal vere det overordna styringsdokumentet for Midt-Telemark kommune og skal danne eit heilskapleg og solid fundament for ein langsiktig og berekraftig samfunnsutvikling. Planprosessen og planen vert viktige verkty i arbeidet med å etablere ein ny kommune.

 

Fellesnemnda for ny kommune vedtok 16.3.18 (sak 16/18 (PDF, 612 kB)) planprogram (PDF, 2 MB) for arbeidet. I planprogrammet er formål, organisering, plantema, utgreiingsbehov og opplegg for medverknad skissert. 

Samfunnsdelen for Midt-Telemark kommune vil kome på høyring hausten 2018 og skal vedtakast av kommunestyra i februar 2019.

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 08.04.2018