Planprogram for ROS-analyse for Midt-Telemark kommune

Varsel om oppstart av planarbeid og offentleg ettersyn av planprogram.

Sauherad og Bø kommunar skal slå seg samen til Midt-Telemark kommune med verknad frå 1.1.2020. Kommunane varslar med dette at ein vil starte arbeidet med ny overordna Risiko- og sårbarhetsanalyse (ROS-analyse) og Beredskapsplan for Midt-Telemark kommune. Overordna ROS-analyse vil bli utarbeidd som ein kommunedelplan jf. plan- og bygningslova §11-12.

Høyringsfrist 21.12.2018.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 08.11.2018

Kommunane vedtok samrøystes utkast til planprogram for felles ROS-analyse 15.10.18. (Bø) og 18.10.18 (Sauherad). I planprogrammet er det lagt til grunn at ROS-analysa skal lagast som ein interkommunal kommunedelplan, jf. plan- og bygningslova, med dei krav til prosess og medverknad som ligg i det.

Forslag til planprogram, med beskriving av formål, organisering, plantema, utgreiingsbehov og opplegg for medverknad følgjer som vedlegg og leggast ut til offentleg ettersyn saman med varsel om oppstart av planarbeidet jf plan- og bygningslova §§4-1 og 11-13.

Planprogrammet er lagt ut til offentleg ettersyn på kommunehusa i Sauherad og Bø og på biblioteka. Du kan også finne det her: Planprogram (PDF, 678 kB)

Kommunane ber om innspel til sjølve planarbeidet og til forslag til planprogram.

Alle innspel merkast «Innspel til ROS-analyse, sak 18/3141» og sendast postmottak@bo.kommune.no eller til Bø kommune, Postboks 83, 3833 Bø i Telemark.