Rullering av områdereguleringsplan for Bø sentrum

Invitasjon workshop.PNG - Klikk for stort bilete Bø kommune arbeider no med rullering av områdereguleringsplan for Bø sentrum. Det er vedtatt eit planprogram (PDF, 2 MB) for planarbeidet som skildrar tema, planavgrensing, framdrift, medverknad osb.

Vi inviterer alle som ønskjer å delta i diskusjonen om korleis Bø sentrum skal utvikle seg vidare til å delta i arbeidsverkstad torsdag 30.11.17 kl 18-21 på Bø ungdomsskule. Dette er den andre opne arbeidsverkstaden i haust, og hovudtema denne gang er fortetting av sentrum og utforming av Bøgata.

Publisert av Kristin Karlbom Dahle. Sist endra 24.11.2017

Formål for planarbeidet:

- legge til rette for eit attraktiv sentrum med urbane kvalitetar
- legge til rette for betre folkehelse
-
fortette med bustader, næring og offentlege funksjonar
- prioritere gange, sykkel og kollektiv for å redusere transportbehovet
- redusere konfliktane mellom Bøgata som gjennomkøyringsveg og sentrumsgate
- revurdere dagens norm for parkering og vurdere nye parkeringsløysingar
- revurdere dagens føringar for byggeskikk og arkitektonisk utforming for å sikre både estetiske omsyn og krav til energieffektivitet, miljø og universell utforming 

Ny plan vil erstatte gjeldende områdereguleringsplan for Bø sentrum (sjå reguleringsføresegner og plankart for gjeldande plan). Avgrensing av planområdet er vist i kartutsnitt under, der avgrensing av gjeldande områdereguleringsplan er vist med raudt og ny med blått:

Sentrum - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

Planlagt framdrift er at ny områdereguleringsplan for Bø sentrum blir vedtatt av kommunestyret før sommaren 2018.

Spørsmål kan rettast til saksbehandlar Kristin Karlbom Dahle, krda@bo.kommune.no, tlf 35 05 91 70.