Tilvisingsavtale Bø kommune, kunngjering

Utleieleilegheiter søkast sentralt i Bø for tilvisingsavtale med Bø kommune og finansiering gjennom Husbanken.

Publisert av Mari Mølstre. Sist endra 20.11.2017

Bø kommune søker om inntil fem 2- og 3 roms leilegheiter for utleige på mellom 55 og 70 m2 lokalisert sentralt i Bø sentrum.

Bø kommune ønskjer å kunne tilby leilegheiter for ulike grupper sentralt i Bø sentrum. Leilegheiter med tilvisingsavtale kan maksimalt utgjere 40% av bustadprosjektets samla leilegheiter. Bø kommune ønskjer å inngå tilvisingsavtale med ein eller fleire bustadbyggjarar. Avtale gir Bø kommune rett til å tilvise bustadsøkjerar for leige av bustadane som er omfatta av avtala. Bustadbyggjar inngår sjølv leigeavtale med den einskilde bustadsøkjar.

Ved nybygging og ombyggingsprosjekter kan det søkjast om grunnlån i Husbanken. For nærare informasjon om grunnlån, sjå www.husbanken.no. Leilegheitene skal ha kvalitet og standard slik som omtala i Husbankens reglar og krav.

Ved val av prosjekt vil Bø kommune leggje vekt på nivå på husleige, plassering, tidspunkt for når prosjektet er ferdig og plan for forvaltning. Bustadbyggjarar må sjølv skaffe tomt til prosjekta.

Plan for tomta må visas på eit situasjonskart.

Tidsfrist: Interessentar må vende seg skrifteleg til Rådmannen i Bø kommune innan 15. desember kl 1400. All tilsendt dokumentasjon vil bli behandla konfidensielt fram til eventuell inngått avtale

Nærare informasjon om tilvisingsavtaler får på Husbankens heimesider eller av ass. rådmann Terje Kili, tlf 92031791.