Ny regionrådssekretær i Midt-Telemark

Otto Dahl - Klikk for stort bilete Otto Christian Dahl (43) er tilsett som ny regionrådssekretær i Midt-Telemark. Dahl kjem frå rolla som leiar for kulturarvteamet i Telemark fylkeskommune og er busett i Bø. 

Otto Christian Dahl er utdanna kulturvitar og har variert bakgrunn frå fylkeskommunal forvaltning. Han har erfaring frå arbeid med regional utvikling, forskningsdrive innovasjon, planarbeid og kulturminneforvaltning. Dahl leia m.a. eit tiårig prosjekt (VRI Telemark) som hadde som mål å fremje forskningsdrive innovasjon i bedrifter i Telemark gjennom samhandling mellom forskningsmiljø, næringsliv og offentleg sektor. Han har og vore ein del av sekretariatet i det regionale forskningsfondet, Oslofjordfondet. Dahl kjem no frå rolla som leiar for kulturarvteamet i Telemark fylkeskommune. Han er gift, har tre born og er busett i Bø.

Sist endra 28.06.2017