Opprustning av GS-veg langs Bordvegen

Illustrasjonsfoto fra Horten.PNG - Klikk for stort bilete Bø kommune startar med opprustning av gang- og sykkelvegen langs Bordvegen i veke 38. Det må medreknas noko støy og redusert framkommelegheit under arbeida som vil pågå utover hausten.

Prosjektering Flitakrysset.PNG - Klikk for stort bilete Strekninga vil bli oppgradert frå gang- og sykkelveg på 2,5 m breidde til sykkelveg med fortau, for å skilje gåande og syklande med merking. Ny breidde på sykkelveg med fortau vil vere 4 m., inkludert asfaltert skulder.  

Flitakrysset vil bli omorganisert for tryggare kryssing av Flitavegen for syklande og gåande i Bordvegen. Tiltaket er delfinansiert av Statens vegvesen gjennom samarbeidet i Bygdepakke Bø og Sauherad med Sykkelbygda. 

Bordvegen er ein av dei aller viktigast vegane for gåande og syklande i Bø. 

Arbeidet ventast å vere heilt ferdig våren 2019. 

Bø kommune v/teknisk eining beklagar dei ulemper dette førar med seg.

Sist endra 17.09.2018