Oppstart av planarbeid og forhandling om utbyggingsavtale for Gullbring studentheim

Planavgrensing - Klikk for stort bilete Code Arkitektur varslar på vegne av Studensamskipnaden i Søraust-Noreg oppstart av arbeid med detaljreguleringsplan for Gullbring studentheim. Formålet med planarbeidet er å legge til rette for bygging av studentbustader og øvrig høgskuleretta verksemd. Det varslast samstundes om oppstart av forhandling om utbyggingsavtale.

Sjå varslingsannonse (JPG, 75 kB) for meir info. Frist for innsending av innspel til planarbeidet er 22.8.18. Innspel sendast Code Arkitektur v/Henning Kaland, Akersgaten 16, 0158 Oslo (hk@code.no) med kopi til Bø kommune, Pb 83, 3833 Bø (postmottak@bo.kommune.no). 

Sist endra 09.07.2018