"Prøv ein elsykkel" tar pause over vinteren

Bakgrunnsbildet.jpg - Klikk for stort bilete

Har du ikkje fått testa ein elsykkel i år? Da får du ein ny sjanse til våren. Det er mange som har registrert seg på "Prøv ein elsykkel", og ønsker å teste ein elsykkel før eit eventuelt kjøp. Med vinteren i anmarsj blir testordninga satt på vent fram til våren.   

Publisert av Sindre Flø. Sist endra 19.11.2018

Etter støtte frå Klimasats fekk Bø og Sauherad kommunar støtte til oppstart av utlånsordning for elsyklar, gjennom Bygdepakke Bø og Sauherad prosjektet. I samarbeid med Sentrumsringen vart testordninga igangsatt i april/mai i år, med sportsbutikkane Intersport Sønstebøtunet, Brukås Sport og Sport1 Glexe som drivarar av utlånsordninga. 

Målet er å kunne gi fleire høve til å teste om elsykkel kan vere eit alternativt transportmiddel. Elsyklar er dyre og vi ønsker difor å gi våre innbyggarar mulighet til å teste før ein bestemmer seg. 

Over 100 har registrert seg til ordninga, og 80 personar har fått mulighet til å prøve. Tilbakemeldingene har vore positive, og sportsbutikkane melder om godt sal av elsyklar i år.   

Ønsker du og prøve ein elsykkel i 2019 kan du registrere deg på våre nettsider.