Sauherad kommune med i Bygdepakka

Sauherad kommune går inn i det treårige hovudprosjektet Bygdepakke Bø og Sauherad som startar opp for fullt i januar 2018. Styringsgruppa for Bygdepakka, kommunestyra i Sauherad og Bø kommunar og fellesnemnda for Ny kommune har gjort formelle vedtak som legg grunnlaget for at Sauherad kommune nå blir ein del av dette prosjektet.

Publisert av Hilde Pedersen. Sist endra 01.12.2017

17016936_635125400013682_6438908311738150826_o.jpg - Klikk for stort bilete

 

 

Nasjonal interesse
Bygdepakka har utvikla ein samarbeidsform der dei sentrale aktørane innanfor areal-, transport- og attraktivitetsutvikling sit saman rundt bordet i styringsgruppe og tverrfaglige prosjektgrupper på ulike nivå. Heilheitlig areal- og transportplanlegging og forankring på tvers av forvaltningsnivå, er ein effektiv og kreativ arbeidsmetode som kan fungere på mindre stader og i små byar utanfor dei store byregionane og bypakkene. Dette er ein av konklusjonane Transportøkonomisk institutt har lagt vekt på i sin studie 
Bygdepakke Bø. Et forprosjekt om utvikling av klimavennlige og attraktive bygder 
 

Bygdepakke Bø har fått stor merksemnd for arbeidsmetoden og resultata med utvikling av Bø sentrum både regionalt og nasjonalt, og er mellom anna case i stortingsmeldinga Berekraftige byar og sterke distrikt (KMD 2016-2017).

 

Kollektivsatsing
Bygdepakke Bø og Sauherad har som overordna mål å redusere interntrafikken i Bø sentrum. Ein av strategiane for å nå dette målet er å legge til rette for eit betre kollektivtilbod i regionen. Dette omfattar m.a. tilrettelegging av kollektivknutepunkta (Nordagutu, Gvarv og Bø) og ein analyse av dagens kollektivtilbod i dei to kommunane. Å jobbe strategisk med kolektivtilbodet utanfor Grenland er ei utfordring for kommunalt nivå som ikkje er avtalepart med kollektivselskapa. Bygdepakka vil i så måte føreslå at det utarbeidast ein kollektivstrategi for Midt-Telemark som del av hovudprosjektet i perioden 2018-2020.

 

Gang- og sykkelvegnettet bind ny kommune saman
Planlegging og bygging av gang-/sykkelveg mellom Gvarv og Bø på riksveg 36 vil vere viktig for å binde den nye kommunen betre saman med muligheit for motorfri ferdsel. Det vil også vere ei satsing som bidrar til å nå målet om redusert trafikk i Bø sentrum.

 

Bøgata som gjennomkøyringsveg, bygate og attraktiv møteplass
Ei tredje satsing vil vere å sjå på ei betre utforming av Bøgata for å legge til rette for sykkel,  gange og meir attraktive byrom. Ein muligheitsstudie er initiert på oppdrag for Statens vegvesen.

 

Sauherad inn i Bygdepakka
Sauherad har vald å gå inn i bygdepakka som eit ledd i det å utvikle miljøvenlege, levedyktige sentra og auka attraktivitet i den Nye kommunen gjennom mellom anna auka andel gåande og syklande, styrking av kollektivknutepunkt og forbindelsane mellom desse. Attraktivitet er dermed ein viktig dimensjon i arbeidet med Bygdepakka, - og ein dimensjon som vil vere førande for utviklingsarbeidet i Sauherad kommune. Å legge betre til rette for transportsykling og et bedre kollektivtilbod vil bli prioritert som ledd i utvikling av attraktive stader, gode bumiljø og trygg skuleveg. I Sauherad vil tilrettelegging for sykkel og gange i fruktlandskapet også ha ein attraktivitetsverdi i reiselivssamanheng.

 

Les meir om Bygdepakke Bø og Sauherad!